Skole og barnehage på Sæbø skal byggjast i massivt tre. Det vert feira med skogplanting 26. mai!
– Tredrivaren i Møre og Romsdal er skikkeleg glad for at Ørsta kommune skal byggje ny skole og barnehage på Sæbø i massivt tre! Vi ønskjer å markere gleda ved å plante trær med elevane, seier tredrivar Christina Qvam Heggertveit.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I samarbeid med Ørsta kommune og Skogselskapet inviterer tredrivaren skoleelevane med på en skogplantedag 26. mai.
Gledeleg val
Tredrivarane er tilsette i staten, og arbeider mellom anna for å spreie kunnskap om ulike fordeler ved å byggje i tre. Heggertveit, som er tredrivar i Møre og Romsdal, seier at det er gledeleg når kommunar ønskjer å byggje store klimavennlege bygg i eit fornybart materiale. Ho legg til at trehus er svært gode å vere i.
– Vi ønskjer å vise barn kordan tre er fornybart. Det vil vi gjere med å plante trær saman med elevar i Sæbø, fortel Heggertveit.
Ho seier at grana veks raskt i Møre og Romsdal sine fjellsider.
Lagrar karbon
– Kvaliteten på grana er god. Trer bind karbon medan dei veks. Slik vert karbon lagra i treet, og etter kvart i bygget. Trebygg er derfor karbonlager. Dei er ein av mange måtar å bremse global oppvarming på.
Godt for helsa
Tidlegare kommuneoverlege Arne Gotteberg og dåverande prosjektleiar i eigedomsseksjonen i kommunen, Ivar-Otto Kristiansen, anbefalte at den gamle skolen på Sæbø burde bli rive. Målet no er at Sæbø-barna skal få eit sunnare inneklima og ein betre tilrettelagt skolebygning.
– Forsking gir oss grunn til å tro at naturmaterialar er gode for helsa vår. Det kan gi ei oppleving av å ha naturen inne og redusere stressnivå for mange. Det er bra både for helse og læring. Så: Det som er bra for miljøet er som regel også bra for oss, seier Heggertveit.
Utfordringar på tomta
På Sæbø var spesielle utfordringar. Skoletomta ligg i eit område som blir påverka av skredvind ved eit snøskred frå Dalegubben. Kunne eit hus i massivt tre vere sterkt nok?
– Tredrivaren og kommunen fekk hjelp av geologar og andre ekspertar. Konklusjonen var at et bygg i massivt tre gir minst like god beskyttelse som eit betongbygg, fortel Heggertveit.
Klimavenleg prosjekt
Ho seier Ørsta kommune har vært dyktige til å bruke byggeprosjekta på Sæbø til å fremje klimavennlege løysingar i prosjekteringa av bygga, og altså ikkje berre i val av material. Dei har mellom anna søkt Miljødirektoratet om midlar i prosjekteringsfasen, og fått innvilga 3 millionar kroner.
Skogplanting
På skogplantedagen 26. mai, vil elevar frå 5-10. klasse ved Sæbø skole få innsyn i nokre av kvalitetane skolen vil ha.
– Då tenkjer vi på karbonbinding, klimavennlege løysingar i byggjeprosjekt, godt inneklima og eit sikkert og godt bygg å vere i, fortel Heggertveit.
Skogselskapet vil fortelje barna om skogbruk, planting og tømmerproduksjon, og om skogens rolle i klimasamanheng.
Den tidlegare kommuneoverlegen Arne Gotteberg og prosjektlederen, som no er teknisk sjef i kommunen, Ivar-Otto Kristiansen vil delta på skogplantedagen. Det vil og skogbrukssjef i Ørsta, Peder Magnussen og Ivar Egil Gjøra i Nortømmer AS.