Jordvernstrategi i Volda kommune – erfaringar som kan vere nyttige for andre
Kommunestyret i Volda har vedteke ein kommunal jordvernstrategi som kan vere eit godt døme på korleis kommunar i Møre og Romsdal kan arbeide med jordvern.
Jordvernstrategien byggjer på nasjonale og regionale føringar, lokalt kunnskapsgrunnlag og innspel frå ulike aktørar. Strategien peikar på utfordringar og moglegheiter for jordvernet, og foreslår tiltak som kan styrkje omsynet til matjorda framover.
Prosess og involvering
Arbeidet med jordvernstrategien har vore gjennomført i ein brei prosess frå oppstart til vedtak. Volda kommune har arrangert både jordvernkonferanse og fagsamling for dei sju kommunane på Søre Sunnmøre. Det politiske nivået har vore involvert gjennom fleire arbeidsmøte med formannskapet og tenesteutvalet for forvaltning og utvikling.
Både plan- og bygningslova og byggesak er viktig for jordvernet
Strategien legg opp til ei sterk kopling mellom jordvern og plan- og byggesak, og viser korleis jordvernet er integrert i kommuneplanen sin arealdel og samfunnsdel. Konkrete tiltak og retningsliner skal sikre at jordbruksareal blir vurdert og sikra i alle relevante plansaker. Byggesak skal også innarbeide krav om vurdering av alternative løysingar og gjenbruk av matjord. Dette er eit viktig grep for å styrke jordvernet i praksis. I ein kommune med mange små, spreidde og bratte teigar er det avgjerande å sikre at dei beste areala blir brukt til matproduksjon, både for lokal verdiskaping og nasjonal matberedskap.
Kommunalt jordvernmål
Volda kommune har vedteke eit årleg jordvernmål på 6 dekar. Dei har teke utgangspunkt i kommunen sitt samla areal av dyrka jord, og berekna det opp mot det nasjonale jordvernmålet på 2 000 dekar og det regionale jordvernmålet på 100 dekar i Møre og Romsdal. Kommunen vurderer at det kommunale jordvernmålet er i tråd med både nasjonale og regionale føringar.
Arbeidet har også synleggjort utfordringar rundt leigejord og oppfølging av driveplikta. Desse er vidareformidla med ønske om etablering av jordleigebørs og eit nasjonalt digitalt verktøy for oppfølging av driveplikta.
Økonomisk støtte
Volda kommune har fått 150 000 kroner frå Landbruksdirektoratet til arbeidet med jordvernstrategien. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har bidrege med økonomisk støtte til lokal berekraftskoordinator, som har stått for gjennomføringa av arbeidet.
Landbruksdirektoratet har no ny utlysing av midlar til utarbeiding av kommunale jordvernstrategiar, med søknadsfrist 15. april.
Du finn Volda kommune sin jordvernstrategi på nettsidene deira.