Avløysing ved ferie og fritid

Tilskot til avløysing ved ferie og fritid er ei av velferdsordningane i jordbruket, men blir søkt om og utbetalt saman med produksjonstilskot. 

Grunnlaget for kor store avløysarutgifter som kan bli refundert blir fastsett ut frå gjennomsnittet av tal dyr føretaket disponerer på teljedatoane 1. mars og 1. oktober. For sau (født i fjor eller tidlegare) og ammegeit er det tal dyr som føretaket disponerer 1. mars, som blir lagt til grunn for tilskotsgrunnlaget.

Avløysartilskot blir det søkt på i Del 2, som har søknadsfrist 15. oktober. Då kan det registrerast faktiske utgifter fram til og med søknadsdato. Søknadsskjemaet vil vere ope for å etterregistrere utgifter fram til 10. januar året etter. Føretak som ikkje har utgifter til avløysing før etter 15. oktober, men som reknar med å få det seinare, og skal søke om avløysartilskot, må krysse av for at det skal søkje om avløysartilskot, sjølv om beløpet førebels er kr 0,-.

Avløysartilskotet er ei refusjonsordning, og utbetalt avløysartilskot blir det lågaste av maksimalt avløysartilskot og faktiske utgifter. Føretak må ha søkt om produksjonstilskot i enten Del 1 eller Del 2 (eller begge) og avløysartilskot i Del 2 i søknadsåret, for å få utbetalt avløysartilskot.