Eikesdalen er Utvald kulturlandskap i jordbruket (UKL)

Frå Eikesdalen og Eikesdalsvatnet mot garden Hoem.
Frå Eikesdalen og Eikesdalsvatnet mot garden Hoem. Foto: Tormod Meisingset/ Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Eikesdalen i Molde kommune vil frå 2022 få status som Utvald kulturlandskap i jordbruket. I grunngjevinga er Eikesdalen omtalt som eit moderne jordbrukslandskap med lang brukshistorie i dalføre på Nordvestlandet. Det er også lagt vekt på at landskapet har ein eineståande førekomst av edellauvskog med ein spesiell haustingstradisjon.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.12.2021

- Statsforvaltaren er stolt over at Eikesdalen får denne utpeikinga. Dette er ein av dei mest storslåtte dalane i Romsdal.  Eikesdalen har uvanleg godt, varmt og tørt klima. Det gir grunnlag for god innhausting. Her er eit unikt  jordbrukslandskap, ein varmekjær lauvskog og eit mangfald av planter, sopp, dyr og insekt – nokre sjeldne og unike for dalen, seier statsforvaltar Else-May Norderhus.

Det er Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet som har peika ut fem nye utvalde kulturlandskap frå 2022 etter ei tilråding frå Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Riksantikvaren. Blant desse er Eikesdalen. 

Les Landbruksdirektoratet sin pressemelding her …

I forarbeidet av utpeikinga har det vore eit godt samarbeid og dialog mellom regional forvaltning, Molde kommune og grunneigarar og drivarar i Eikesdalen.

Ei nasjonal satsing skal sikre verdiar

Utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei nasjonal satsing der målet er å ta vare på eit representativt utval av verdifulle norske jordbrukslandskap, og sikre verdiar knytt til landskap, naturmangfald, kulturminne og kulturmiljø, samtidig sikre langsiktig skjøtsel og drift.

Ordninga hadde oppstart i 2009, og omfatta til saman 46 område. I 2021 er fem nye område peika ut til Utvalgte kulturlandskap, og Eikesdalen er eit av dei. I Møre og Romsdal har vi frå før tre utvalde område; Fjellgardane i Sunndal (2009), Alnes i Giske kommune (2017) og Hjørundfjorden og Norangsdalen i Ørsta og Volda kommune (2018).

Grunnleggande for val av område er at:

  • Dei i størst mogleg grad har både store biologiske verdiar og store kulturhistoriske verdiar.
  • Det er realistisk å få til langsiktig drift, skjøtsel og vedlikehald.

Blant mange flotte område i Møre og Romsdal vart Eikesdalen fremma som fyrste kandidat.

Eikesdalen og Eikesdalsvatnet er omkransa av bratte fjellsider med høgder på opp mot 1800 moh. Gjennom dalføret har elva Aura som strekk seg frå Aursjøen til Eikesdalsvatnet, sitt utløp.

Klimaet og naturressursane i Eikesdalen gjorde at menneske kom hit for over 11 000 år sidan, truleg som eit av dei første områda i landet. Her finst spor og symbol frå ulike tidsperiodar og særprega bygningsmiljø.

Videre arbeid med det nye område

Det vidare arbeidet med Eikesdalen som Utvald kulturlandskap vil bli start opp på nyåret.

Då skal ein jobbe med å fastsette ei teneleg og presis geografisk avgrensing av området. Det skal også utarbeidast ein forvaltningsplan for å sikre verdiar knytt til biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø, og for å sikre langsiktig skjøtsel og drift. Forvaltningsplanar vil utviklast gjennom god lokal prosess og involvering, og med klare prioriteringar av mål, tiltak og økonomiske vurderingar.

Les meir om Møre og Romsdal sine Utvalde kulturlandskap i jordbruket her …