Informasjonsbrev veke 50/2025

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Forseinka opning av søknadsportalen for tilskot til klimarådgiving 
  • Erfaringar etter beredskapsøving landbruk 
  • Foryngingsplikt - kommunane si rolle
  • Ekstraordinært tilskot til uttak av stormfelt furu 
Publisert 11.12.2025

Forseinka opning av søknadsportalen for tilskot til klimarådgiving 

Ei ny, nasjonal forskrift for tilskot til klimarådgiving skal erstatte dagens regionale forskrifter, som no ligg under dei regionale RMP forskriftene. 

Landbruksdirektoratet jobbar med ei ny forskrift og søknadssystem for ordninga. Planen er at systemet blir klart i første kvartal 2026. Det betyr at bønder som har fått klimarådgjeving og tiltaksplan, ikkje kan søkje om tilskot før systemet er på plass. 

I den nye ordninga blir det løpande søknadsfrist, slik at det blir meir fleksibelt for søkjarane. 

Meir informasjon kjem! 
 
Kontaktperson: Andreas Lilleheier Aarset 

 

Erfaringar etter beredskapsøving landbruk 

Statsforvaltaren har sendt eit brev til alle kommunane i fylket om erfaringane etter beredskapsøvinga for landbrukskontora. I brevet peikar vi på at det vart avdekt fleire læringspunkt til oppfølging, mellom anna at landbrukskontora sit på ressursar og kunnskap som kan vere nyttig for beredskapen til kommunen før, under og etter ei krise. Vi oppmodar difor kommunane om å inkludere landbruk som ein ressurs der dette er relevant i beredskapsarbeidet. 

 

Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger  

 

Foryngingsplikt - kommunane si rolle  

Landbruks- og matminister Nils Kristian Sandtrøen og klima og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen har i brev peika på kommunane si viktige rolle i høve oppfølgjing av foryngingsplikta.  

Les brevet her:  

Kontaktperson: Odd Løset 

   

Ekstraordinært tilskot til uttak av stormfelt furu 

Stormen Amy førte til mykje stormfelt skog i fylket. Hogst av vindfelt skog er arbeidskrevjandeDet vert no innført eit ekstraordinært tilskot til opprydding av vindfall av furu. Uttak av furu har generelt høgare driftskostnader på grunn av mindre volum per areal, og gir med det dårlegare driftsnetto til skogeigarTilskotet vert gitt for å få ut mest mogleg av tømmerressursen, og for å leggje til rette for vidare skogproduksjon. Det vert gitt 85 % tilskot av driftskostnaden som overstig 445 kroner per kubikkmeter. Tilskotet er avgrensa til maksimalt 100 kroner per kubikkmeter.  

Les meir om ordninga her: 

Kontaktperson: Åsmund Asper