Informasjonsbrev veke 45/2025

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Sluttseminar: Alternative dreneringsmåtar på myr for betre agronomi og redusert klimagassutslepp  
  •  AGROS stenger 7. desember 2025 
  • Fylkesstatistikk 2025 for Møre og Romsdal 
Publisert 05.11.2025

Sluttseminar: Alternative dreneringsmåtar på myr for betre agronomi og redusert klimagassutslepp  

NIBIO, NLR, NORSØK og NMBU inviterer til sluttseminar på Romsdalsmuseet i Molde 19. november kl 10.30-15.30. 

Det er mogeleg med fysisk eller digital deltaking – gratis. 

Påmelding innan 10. november. 

Program og påmeldingsskjema finn du her. 

Kontaktperson: Åsmund Asper 

 

   AGROS stenger 7. desember 2025 

Vi har no fått avklart med  Landbruksfdirektoratet når Agros stenger i år.  

 Alle saker som skal utbetalast før årsskiftet må vere godkjent i AGROS  

seinast sundag 7. desember. 

Det same gjeld attestering av utbetalingsanmodningar som skal utbetalast før årsskiftet. 

Dette er hovudregelen. Om det er spesifikke ordningar som får utsett frist, er foreløpig ikkje kjent eller avklart.  

(Bortsett frå veterinærreiser som alltid har frist 15. desember, men der er det statsforvaltar som er sakshandsamar, og ikkje kommunen) 

 Kontaktperson: Tone Helen Rørseth 

 

Fylkesstatistikk 2025 for Møre og Romsdal 

Møre og Romsdal Fylkeskommune presenterer årleg ein Fylkesstatistikk. Den skal bidra til å identifisere utfordringar i fylket, gje kunnskapsgrunnlag for avgjerder, og vere eit innspel i samfunnsdebatten. 

Seksjon landbruk bidreg med artiklar om jordbruk og skogbruk. I år har vi skrive om: 

Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger