Informasjonsbrev veke 42/2025

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Webinar – revidert versjon av dyrkbar jord 
  • ØKS: Godkjenne virkesopplysningar 2025 – 10 
  • Webinarserie om kystlynghei 
Publisert 15.10.2025

Webinar – revidert versjon av dyrkbar jord 

NIBIO har revidert kartlaget dyrkbar jord ved bruk av fleire datakjelder og nye metodar 

I webinaret får du høyre meir om korleis dyrkbar jord blei kartlagt og kva kriterie som låg til grunn for registreringane. Vidare får du vite kva nye eigenskapar som er lagt inn i datasettet og korleis det blir oppdatert. 

Webinaret vert halde 28. oktober frå 09.00 - 10.00 

Påmelding og litt meir info HER. 

 

Kontaktperson: Odd Løset 

 

ØKS: Godkjenne virkesopplysningar 2025 – 10 

Virkesopplysningar for periode 2025-10 er klar for kontroll og godkjenning i kommunane. Frist for å godkjenne er måndag 27. oktober. Hugs også eventuell fil med manuelt registrert virke.  

Kontaktperson: Åslaug Røberg 

 

Webinarserie om kystlynghei 

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal inviterer, i samarbeid med Norsk Landbruksrådgiving, til ein spennande webinarserie om kystlyngheiein av dei mest verdifulle og trua naturtypane vi har. Gjennom tre digitale samlingar får du fagleg påfyll, praktiske råd og inspirasjon frå forskarar og erfarne skjøttarar 

Tidspunkt: Dei 3 fyrste måndagane i november. 

Målgruppe: Alle kan delta, men webinara rettar seg særleg mot bønder, grunneigarar og andre som allereie driv med skjøtsel av kystlynghei, eller som vurderer å starte opp. 

Praktisk informasjon:  

  • Webinara er gratis, men krev påmelding 

  • Lenkje til webinara blir sendt ut dagen før til dei som har meldt seg  

  • Det vert høve til å stille spørsmål etter kvar presentasjon. 

  • Det vil bli gjort opptak av sjølve presentasjonane som vil bli sendt ut i etterkant og være tilgjengelege i ein avgrensa periode. Det vil ikkje bli gjort opptak av diskusjonar og spørsmål.   

 

  

Programoversikt 

Webinar 1 

Dato: Måndag 3. november  

Tid: 20:00–21:00  

Program: 

  • Velkomen og presentasjon av program, med bilete frå kystlynghei i Møre og Romsdal v/ Marita Fjelle Hegg 

  • Kort om statsforvaltarens rolle knytt til oppfølging av kystlynghei, og kva vi kan bidra med v/ Marita Fjelle Hegg 

  • "Kystlyngheikorleis blir dette ein god beiteressurs?" v/ Liv Guri Velle, NIBIO 

Liv Guri Velle er tilsett i NIBIO, og har jobba med forsking og formidling av kystlynghei i over 20 år. Ho er særleg interessert i skjøtsel av naturtypen, og har ei doktorgrad om brenning og beitebruk av kystlynghei langs kysten. Forskinga hennar handlar i stor grad om korleis arealbruksendringar- og klimaendringar påverkar lyngheia. Velle sit i Artsdatabanken si ekspertgruppe for raudlistevurdering av semi-naturlege naturtypar, og ho er nyleg valt til leiar for det Europeiske lyngheinettverket. 

Foredraget vil innehalde ny kunnskap om skjøtsel av kystlynghei, med vekt brenning og beiting – og korleis desse skjøtselsformene kan optimaliserast både med tanke lyngheidrift og naturtypen. Lyngheisyklusen vil bli presentert og forklart i forhold til praktisk drift. Det vil bli gitt konkrete råd om kva ein skal sjå etter i eiga lynghei for å kunne lykkast med berekraftig skjøtsel. I tillegg  vil det bli gitt ei kort orientering om siste nytt rundt raudlistearbeidet som er svært relevant for skjøtsel av naturtypen 

  

Webinar 2 

Dato: Måndag 10. november  

Tid: 20:00–21:00  

Program: 

  • Velkomen v/ Marita Fjelle Hegg 

  • «Villsaudrift i kystlyngheiaei praktisk tilnærming» v/ Daniel Fjørtoft, Uksnøy villsaulag. 

Daniel Fjørtoft vil fortelje om villsaudrifta Uksnøya og om praktisk skjøtsel av beita. Spesielt vil han ta opp kva som skal til for å kome i gang med lyngbrenning. Sjølv seier han: "30 års villsaudrift og 20 år med svidde nasehår har sett sine spor. Eg deler erfaringar frå opp- og nedturar frå ekstensiv villsaudrift i kystlyngheia Uksnøya." 

  

Webinar 3 

Dato: Måndag 17. november  

Tid: 20:00–21:00  

Program: 

  • Velkomen v/ Marita Fjelle Hegg 

  • «Biologisk mangfald av jordliv og insekt i kystlyngheia» v/ Reidun Pommeresche, NORSØK 

  • «Klima og karbonlagring i kystlynghei» v/ Siri Vatsø Haugum, Lyngheisenteret 

  

Reidun Pommeresche arbeidar med biologisk mangfald av insekt og småkryp, jordstruktur, meitemark, og jordhelse i landbruksjord. Ho driv med forsking og formidling ved Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK) Tingvoll. 

I sitt foredrag vil ho presentere resultat frå undersøkingar Nerlandsøya. 

 

Påmeldingsskjema ligg i kurskalendaren heimesida vår: Webinarserie om kystlynghei | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal 

 

Kontaktperson: Marita Fjelle Hegg , Statsforvaltaren i Møre og Romsdal