Informasjonsbrev veke 26/2026

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Ny utgåve av Gårdskart aktuelt 4/2026 
  • Tilskot til klimarådgjeving 
Publisert 24.06.2026

Ny utgåve av Gårdskart aktuelt 4/2026 

Her kan du mellom anna lese meir om: 

  • Arealtal i nytt LREG og frist for AR5 i august 
  • Driftssenterpunkt i Gårdskart og Kilden 
  • Nytt i Kilden 
  • ARweb – video og tips for manus 
  • Opptak av teoridelen av AR5 feltkurset 

Gårdskart aktuelt 4/2026 finn du HER 

Kontaktperson: Odd Løset 

  

Tilskot til klimarådgjeving 

Frå denne veka er det opna for å kunne  søke tilskot til klimarådgjeving. Tidlegare (t.o.m. søknadsomgangen 2025) var dette del av RMP, men no er det eiga ordning. Saksbehandling skjer i Agros, og søknadsskjema ligg tilgjengeleg her: Tilskudd til klimarådgiving - Landbruksdirektoratet 

Vilkåra er som før; at det må vere gjennomført klimarådgjeving av eit rådgjevingsføretak som er godkjent av Landbruksdirektoratet. Det må vere utarbeidd ein klimatiltaksplan. Det kan søkast fortløpande, og saksbehandling vil skje fortløpande. Ordninga omfattar klimarådgjeving utført etter 15. oktober 2025. Statsforvaltaren behandlar søknadene. Kommunane har ingen formell rolle, men det er nyttig å kjenne til ordninga og evt. kunne bistå med å søke. 

Kontaktperson: Per Eldar Nakken