Informasjonsbrev veke 24/2025

- Kven gjer kva på seksjon landbruk
- ØKS: Godkjenne virkesopplysningar 2025 – 6, frist onsdag 25. juni
- Sommarjobb i skogen
Ein oppdatert versjon av oppgåvefordelinga til dei tilsette på seksjon landbruk ligg no ute på nettsidene våre her.
Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger
Virkesopplysningar for periode 2025-6 er klar for kontroll og godkjenning i kommunane. Frist for å godkjenne er onsdag 25. juni. Hugs også eventuell fil med manuelt registrert virke.
Kontaktperson: Åslaug Røberg
JOB:U er eit sommarjobbtilbod for ungdom i regi av Skogselskapet i Møre og Romsdal. Prosjektet går over tre år og skal styrke rekruttering og interesse for utdanning og arbeid innan skog- og naturbruk. Kommunane Tingvoll, Sunndal, Rauma, Vestnes, Stranda, Sykkylven, Fjord, Ørsta og Volda deltek i prosjektet. Målgruppa er ungdom mellom 15-25 år. Ein tek sikte på opprette nye lag kvart år i prosjektperioden (2025-2027).
Kontaktperson: Odd Løset