Informasjonsbrev veke 22/2026

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Oppdatert verdiskapingsanalyse for landbruket i Møre og Romsdal 
  • ØKS: Minner om å godkjenne virkesopplysningar 2026 – 5. Frist torsdag 28. mai 
  • Ny rettleiar om naturkartlegging i skog 
Publisert 27.05.2026

Oppdatert verdiskapingsanalyse for landbruket i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylkeskommune har bestilt ei oppdatering av verdiskapingsanalysa for landbruket. NIBIO har no rekna på nytt med tal frå 2024, og samanlikninga mot 2020 viser ei tydeleg endring i kor verdiane kjem frå. Verdiskapinga frå landbruket har frå 2020 til 2024 auka med 709 millionar kroner. Veksten er på 27,8 prosent

 

 

ØKS: Minner om å godkjenne virkesopplysningar 2026 – 5. Frist torsdag 28. mai

Virkesopplysningar for periode 2026 - 5 er klar for kontroll og godkjenning i kommunane. Frist for å godkjenne er torsdag 28. mai. Hugs også eventuell fil med manuelt registrert virke. 

Kontaktperson: Åslaug Røberg

 

Ny rettleiar om naturkartlegging i skog

Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet har publisert ein ny Veileder for naturkartlegging i skogRettleiaren skal gi skogeigarar, forvaltning og næring eit felles grunnlag for å forstå og nytte informasjon frå ulike naturkartleggingar. Den omhandlar tre ulike metodar for naturkartleggingog skildrar forskjellar mellom desse. Vidare klargjer rettleiaren korleis ein skal forstå denne informasjonen samla.  

Link til rettleiar og meir informasjon finn du HER.  

 

Kontaktperson: Odd Løset