Informasjonsbrev veke 12/2026

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Ekstra midlar til drenering vert fordelt fortløpande 
Publisert 18.03.2026

Ekstra midlar til drenering vert fordelt fortløpande 

I tildelingsbrevet til kommunane om fordeling av dreneringsmidlar skreiv vi at vi regionalt hadde halde att 414 939 kroner på den regionale ramma for seinare tildeling. 

Det har vist seg at etterspurnaden allereie er stor i fleire kommunar, og at saksbehandlinga enkelte stader er sett på vent i påvente av nye midlar. Vi har derfor beslutta å fordele dei atthaldne midlane fortløpande etter «førstemann-til-mølla»-prinsippet. Meld frå dersom de treng meir midlar, men merk at dette må gjelde konkrete søknader som manglar midlar til å kunne innvilgast. 

 

Som de veit har vi fått ein ny kollega hos oss; Johannes Roaldset. Han skal ta over dreneringsordninga. Dersom de treng meir midlar eller har andre spørsmål knytt til ordninga, ta kontakt med han på e-post johannes.roaldset@statsforvalteren.no eller telefon 71 25 85 24. 

Vi vil samstundes minne om å sjekke lista som er sendt ut over saker med utgåande arbeidsfristar. Dette kan sjølvsagt også sjekkast direkte i Agros. 

Kontaktperson: Johannes Roaldset