Verdsdagen for førebygging av sjølvmord 10.september

Kirkens SOS var godt representert. Rådgivar Siri Mariussen Fjørtoft ( nr 2 frå v) med fire frivillige engasjerte medhjelparar. (Foto: R.Naas)

I Molde arrangerte Statsforvaltaren i Møre og Romsdal i samarbeid med RVTS-midt, KBT og Statsforvaltaren i Trøndelag ein fagdag for frivillige og tilsette i lag, foreiningar og kommunar. Med moglegheit for både fysisk oppmøte på Alexandra hotell i Molde og strøymt program, nådde informasjonen ut til godt over hundre engasjerte medarbeidarane og frivillige i heile regionen.  

Publisert 19.09.2025

På verdsdagen for sjølvmordsførebygging 10. september vart betydninga av å førebyggja sjølvmord som er eit av våre viktigaste folkehelseproblem satt på dagsorden. Trass i auka innsats og engasjement får me ikkje tala ned. I 2024 tok 727 menneske sitt eige liv i Noreg. Dette sjølv om handlingsplanen for førebygging av sjølvmord 2020-2025 no er inne i siste år. Fagdagen hadde medborgarperspektivet med  frivilligheit og førebygging i sentrum, men også erfaringar og kunnskap om korleis møta sjølvmordet og bidra med sorgstøtte når sjølvmordet har skjedd.

Årsakene til sjølvmord er samansette, og krev innsats på ei rekkje område, både i og utafor helse- og omsorgstenestene. Regjeringa startar no arbeidet med ein ny og spissa handlingsplan, med auka merksemd på samanhengen mellom økonomi og sjølvmord og med eit tydeleg kjønns- og mangfaldsperspektiv.  

Kristi Garte og Hektor Hovgaard fortalte om sine erfaringar og arbeidet som blir gjort rundt ungdomsmiljøet i Averøy kommune. (Foto:R.Naas)