Nedgang i mobbetala i Møre og Romsdal

Elevundersøkinga 2025 viser at fylket vårt har ein tydeleg nedgang i mobbetala samanlikna med tidlegare år.

Publisert 17.12.2025

Tala frå Møre og Romsdal ligg under landsgjennomsnittet på 7. og 10. trinn, men noko over snittet på vidaregåande skule.

– Vi ser ei positiv utvikling i Møre og Romsdal, særleg på ungdomstrinnet. Dette tyder på at mange skular og kommunar har gjort ein god jobb med både førebygging og oppfølging. Vi gleder oss over at den negative trenden har snudd totalt sett dette året. Samtidig må vi alltid halde trykket oppe på det systematiske og førebyggande arbeidet for trygge og gode skulemiljø for kvar enkelt elev, seier underdirektør Maren Ørjasæter og seniorrådgivar Kristin Sundsbø hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Hovudfunn frå Møre og Romsdal

Talet på elevar som rapporterte at dei opplever mobbing to–tre gonger i månaden eller oftare, var slik i fylket i 2025:

  • 7. trinn: 9,7 prosent (mot 11,3 prosent nasjonalt)
  • 10. trinn: 7,2 prosent (mot 9,6 prosent nasjonalt)
  • Vg1: 6 prosent (mot 5,5 prosent nasjonalt)

Nedgangen frå 2023 til 2025 var over 3 prosentpoeng på 7. trinn og over 4 prosentpoeng på 10. trinn.

Store variasjonar og bekymringsfulle toppar

– Det er store variasjonar mellom dei ulike kommunane og skulane, og nokre har bekymringsfullt høge mobbetal. Nedgangen i gjennomsnittstala må derfor ikkje bli ei kvilepute, seier Maren Ørjasæter og Kristin Sundsbø.

Elevundersøkinga

Elevundersøkinga er ei årleg, anonym undersøking, og er obligatorisk å gjennomføre på 7. og 10. trinn i grunnskulen, samt på første året på vidaregåande skule.

Elevundersøkelsen – mobbing 5. til 10. trinn, sortert etter spørsmål | udir.no

Elevundersøkelsen – mobbing vg1 til vg3, sortert etter spørsmål | udir.no

Elevundersøkelsen – resultater | udir.no