BARNEHAGEKONFERANSEN 2021 - UTSATT

Den årlege Barnehagekonferansen som vert arrangert av Statsforvaltaren i M & R, Høgskulen i Volda og Utdanningsforbundet i M & R er utsett til 2022.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.03.2021

Dei som er konferansen si målgruppe, står midt oppe i ein pandemi som ikkje tillet fysiske møter.

Vårt ønske er at barnehagekonferansen skal vere ein god og trygg møtearena med gode foredragshaldarar, ein stad der vi bygg relasjonar,

ein stad der vi kan hente inspirasjon og møtast fysisk, difor har vi valgt  å utsette konferansen til 28. og 29. oktober 2022.