Søknad om løyve til mottak, mellomlagring og knusing av returasfalt og returbetong i Aukra
- Høyringsfrist:
- 28. august 2017 23:00
Odd Småge AS søker om løyve etter forureiningslova til å ta imot, mellomlagre og knuse brukt asfalt og betong i verksemda sitt pukkverk ved Vardhaugen på Gossen i Aukra kommune. Det er søkt om eit årleg mottak av inntil 2000 tonn returasfalt og 2000 tonn returbetong på gnr. 2 bnr. 76.
Publisert 17.07.2017
Søknadsdokumenta kan ein lese via lenka til høgre, og dei er lagt ut på kommunehuset i Aukra kommune.
Vi ber om at eventuelle merknader blir sendt til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Postboks 2520, 6404 Molde innan 28.08.17.
- Høyringsfrist:
- 28. august 2017 23:00