Ny veileder for regionale miljøtilskudd i jordbruket

En høstet kornåker der det ligger en del halmballer spredt utover. I bakgrunnen en smal sjø som strekker seg tvers over bildet og en skogkledd ås bakenfor sjøen.
Foto: Eirin Trannum.

Årets vegleiar for regionale miljøtilskott er no klar. Dei regionale miljøtilskotta blir gitt til bønder som gjør tiltak for å ta vare på kulturlandskapet og begrense ureining frå jordbruket.

Publisert 01.07.2026

Det er inga endringar i tiltaka som kan få tilskott, men for nokre av tiltaka er satsane auka vesentleg frå 2025. Tilskottet til klimarådgjeving er tatt ut av dei regionale miljøtilskotta og er no ei eiga ordning som ein søker på særskilt.

Miljøtiltaka som kan få tilskott i Innlandet er viktige for å gjøra ein ekstra innsats for miljøet slik at jordbruket kan bidra til å ta vare på kulturlandskap, biologisk mangfald, kulturmiljøe og kulturminne og redusere bruk av plantevernmiddel, utslepp til luft og avrenning til vann frå jordbruket.

Midlane til regionale miljøtilskott kjem frå jordbruksavtalen og blir fordelte på fylka. Statsforvaltarane i kvart fylke fastsett kva tiltak som kan få tilskott og kor store tilskotta ein kan få. Den totale ramma for tilskottsordninga har auka mye frå i fjor, og det gjer at satsane for fleire tiltak blir auka i år. Det gjeld ikkje minst for tilskottet til å halde stølar i drift med mjølkeproduksjon, der satsen aukar frå 150 000 kroner til 200 000 kroner dersom ein har minst 6 veker drift på stølen.

Du kan lese meir om stølstilskottet og utviklinga i stølsdrifta dei siste åra i fylkesnytt frå Innlandet på nettsida til Landbruks- og matdepartementet.