3,5 milliarder kroner utbetalt i produksjonstilskot i Innlandet for 2024

Foto; Tordis Fremgården

Ferske tall frå Landbruksdirektoratet viser at det blei utbetalt 3,5 milliarder kroner i produksjonstilskot og avløysartilskot til bønder i Innlandet etter søknadsåret 2024.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.03.2025

Produksjonstilskot og avløysartilskot gis til arealer, husdyr, dyr på beite og dokumenterte utgifter til avløysing for ferie og fritid. I alt har 6 608 føretak i fylket fått utbetalt produksjonstilskot og avløysartilskot for 2024. Om lag 90 søknader er ikkje ferdig behandla enno. Tal føretak som søkte tilskot var om lag 100 færre enn i 2023. 

Tilskota er viktige for økonomien i jordbruket og for å oppretthalde matproduksjonen, sysselsetjinga, verdiskapinga og kulturlandskapet i heile fylket.

Innlandet er det største jordbruksfylket i Norge målt etter den verdiskapinga som næringa bidreg med. Jordbruket gir også grunnlag for over 15 000 arbeidsplassar i fylket. Les meir her: Jordbruk i Innlandet | Statsforvalteren i Innlandet

Du finn ei fullstendig oversikt over kor mykje som blei utbetalt i tilskot for heile landet, fordelt på  fylke, kommune og einskilde føretak, her: Tilskudd til jordbruksforetak - Landbruksdirektoratet