Nettseminar om næringsutvikling i landbruket

Dato:
15. januar 2026 09:30 - 11:00
Sted:
Digitalt via Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren, fylkeskommunen og Innovasjon Norge
Målgruppe:
Tilsette på landbrukskontor i kommunane

Støtteordningar, kurstilbod og arbeid med Matfylket Innlandet blir tema på årets første nettseminar om næringsutvikling i landbruket. 

Publisert 18.12.2025

Nytt år og nye moglegheiter! Vi tenker det er ein god start på året å orientere om støtteordningar som IBU-midlar og FORREGION, og kva kurstilbod Kompetansenettverket for lokalmat region øst gir i 2026.

Eit tredje tema vi tek opp er arbeidet med Matfylket Innlandet. I 2025 er det bl.a. lagt ned ein stor innsats med å signere Innlandets Matløfte. Så langt har 20 kommunar signert, og arbeidet med å få fleire med går for fullt vidare i 2026.

Lenke til seminaret

Seminaret går via Teams. Bruk denne lenka: Bli med i møtet nå

Det er inga påmelding.

Datoar for nettseminar om næringsutvikling i 2026

Vi held fram med å arrangere nettseminar om næringsutvikling i landbruket i 2026. I tillegg til seminaret den 15. januar, kjem det seminar på følgande datoar:

  • 15. april
  • 27. august

Vi har planer om eitt fjerde seminar utpå hausten. Datoen kjem vi attende til.

Nettseminara blir publisert i kurskalenderen til Statsforvaltaren etter kvart som vi har tema på plass. Set gjerne av datoane i eigen kalender allereie nå.

Vel møtt!

Dato:
15. januar 2026 09:30 - 11:00
Sted:
Digitalt via Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren, fylkeskommunen og Innovasjon Norge
Målgruppe:
Tilsette på landbrukskontor i kommunane