Nå har Fylkesmannen i Rogaland skifta namn til Statsforvaltaren i Rogaland

Lone M. Solheim har fått ny tittel. Frå 1. januar 2021 er ho statsforvaltar i Rogaland.
Lone M. Solheim har fått ny tittel. Frå 1. januar 2021 er ho statsforvaltar i Rogaland. Foto: John Gunnar Skien / Statsforvaltaren i Rogaland.

Lone M. Solheim er dermed den siste med tittelen fylkesmann i Rogaland. Nå er ho statsforvaltar i Rogaland.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.01.2021

Tradisjonen med at tittelen på stillinga er den same som på institusjonen, lever dermed vidare. Men nå er både namn og tittel kjønnsnøytralt.

– Det er artig å vera den siste fylkesmannen i Rogaland. Eg synest det er positivt at me får kjønnsnøytrale titlar, men samtidig er det jo litt vemodig å gi slepp på Fylkesmannen etter så lang tid. Det kjem nok til å ta litt tid å venna seg til det nye namnet vårt, men fint er det, seier statsforvaltar Lone M. Solheim.

Ikkje første gong namnet blir endra

Embetet har ei fleire hundre år lang historie. Me skal faktisk tilbake til 1662. Då blei den første «amtmannsinstruksen» underteikna av kongen. Først i 1918 vedtok Stortinget at amtmann skulle fornyast til «fylkesmand». Departementet ville ta i bruk «jarl», men dette fekk ikkje tilslutning i Stortinget. Fylkesmand, seinare fylkesmann, skulle visa seg å vera slitesterkt. Det tok 103 år før namnet blei endra.

Nytt namn, men oppgåvene er dei same

Sjølv om me nå er Statsforvaltaren i Rogaland, betyr ikkje det at oppgåvene våre er endra. Statsforvaltaren er statens representant i fylket og har ansvaret for å følga opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og regjeringa. Statsforvaltaren har dessutan ein viktig samordningsfunksjon av statleg verksemd på regionalt nivå, i tillegg til å vera eit viktig bindeledd mellom kommunane og sentrale styresmakter.

Statsforvaltaren utfører ulike oppgåver på vegner av departementa. Me kontrollerer også kommunen si verksemd og er klageinstans for mange kommunale vedtak. Statsforvaltaren har derfor fagkunnskap på mange overordna samfunnsområde, samtidig som me har viktig lokalkunnskap.

Statsforvaltaren skal sikra rettssikkerheita til innbyggarane, verksemder og organisasjonar ved å sjå til at grunnleggande prinsipp, som eksempelvis likebehandling, uavhengigheit og habilitet, blir ivaretatt i forvaltninga. 

Statsforvaltaren skal halda sentrale styresmakter orienterte om viktige spørsmål i fylket – og formidla relevant informasjon til kommunale, fylkeskommunale og statlege organ.

Me har også oppgåver for Kongehuset – og er administrativt underlagt Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Statsforvaltaren i Rogaland har om lag 185 tilsette.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.