Statsforvalteren fikk nytt og kjønnsnøytralt navn 1. januar 2021. Det gamle navnet vårt var Fylkesmannen.

Forvaltningsplan for Møysalen

Forvaltningsplanen for Møysalen nasjonalpark og Møysalen landskapsvernområder er no vedteken, og skal sendast ut til grunneigarar og andre berørte partar. Planen utdjuper verneforskrifta, og vil vere ei støtte for forvaltninga av området.

Denne saken er skrevet før 1.1. 2021 da Fylkesmannen endret navn til Statsforvalteren.

Publisert 08.04.2013

Fylkesmannen i Nordland har vore ansvarleg for utarbeiding av forvaltningsplanen i samarbeid med arbeidsutvalet som vart nedsatt etter konsultasjon med Sametinget. Prosessen med utarbeiding av forvaltningsplanen har pågått sidan 2009, og inkluderer folkemøter, grunneigarmøter, møte med kommune, høyring og diskusjonar i arbeidsutvalet.

Forvaltningsplanen er i praksis ei bruksansvisning som skal bidra til å sikre naturkvalitetane og verneverdiane i området gjennom utdjuping av verneforskrifta. Samtidig skal planen vere eit viktig bidrag til å utøve ei meir føreseieleg forvaltning av området.