- Kampen om sjøareala må ikkje bli vunne av nokre få

Det er ei sterk auka interesse for sjøareala langs kysten vår. Sjøplankonferansen skal gi kommunane kunnskap om å ta berekraftige val.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.10.2021

– Kampen om sjøareala må ikkje bli vunne av nokre få, meiner statsforvaltar Else-May Norderhus og fylkesordførar Tove-Lise Torve.

Over 300 deltakarar frå heile Noreg er tysdag og onsdag samla om spørsmålet «Korleis skal vi nytte den langstrakte kysten vår?». Mange har valt å ta turen til Molde og Scandic Seilet, og fleire følgjer konferansen digitalt. 

Vil ta kloke val

– Vi er samla for å dele og få ny kunnskap om sjøareala våre. Om kunnskapen er god, kan vi ta kloke val på vegner av naturen ved kysten og i havet. Vala vi tar vil vere svært viktige for framtidige generasjonar, seier statsforvaltar Else-May Norderhus. 

– Saman må vi gjere berekraftige val. Då tek vi vare på naturverdiane våre, samtidig som vi tek landet vårt i bruk, seier fylkesordførar Tove-Lise Torve.

Fylkeskommunen og Statsforvaltaren er vertskap for konferansen som har fått tittelen «Kampen om sjøareala». Dei to i vertskapet meiner at konferansen er ein viktig møteplass for personar i ulike roller og med ulike syn.

Praktiske råd og rettleiing

På konferansen er deltakarar frå kommunar, departement, direktorat og fylkeskommunar. Forskingsinstitusjonar, konsulentbransjen og næringslivet er også representert.

–  At vi har så mange deltakarar frå heile landet, viser at det er eit behov for å belyse dette temaet. Her vil kommunane få praktiske råd og rettleiing når dei skal legge planar for sjøareala dei forvaltar, seier Norderhus og Torve.

Det er tredje gongen at ein nasjonal konferanse om sjøareala blir halde i Møre og Romsdal. Komikar Terje Sporsem leiar deltakarane gjennom to dagar med fagleg påfyll.