Vil du vite noko om utslepp frå norsk industri?

Kanskje du ønskjer å vite kva industrien i nærleiken av deg har lov til å drive med? Og kva slags utslepp dei har? Mange svar finn du på nettsida «Norske utslipp».

Publisert 19.10.2021

 

Ei side som forureiningsgruppa hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal brukar mykje, er www.norskeutslipp.no. I venstre del av sida er det ein meny med oversikt over dei forskjellige områda som ein har data og dokument for. Her ligg verksemder som Statsforvaltaren eller Miljødirektoratet er myndigheit for.

Norske utslipp, hovedmeny

Nedst på sida kan ein finne utsleppsløyve, rapportar og dokument frå tilsyn som Statsforvaltaren eller Miljødirektoratet har gjennomført med ulike verksemder. Eit utsleppsløyve er eit dokument som viser kva verksemda har lov å sleppe ut av støv, støy, lukt og utslepp til vatn. Her kan det også stå kva reglar som gjeld og kva slags prosedyrar verksemda skal ha for at grensene for utslepp blir haldne. Desse dokumenta er tilgjengelege for alle. Tilsynsrapportar finn ein berre for dei verksemdene som har utsleppsløyve. Ønskjer ein å sjå rapportar for andre verksemder, må ein kontakte Statsforvaltaren for å få innsyn.

For å finne dokumenta, må ein sjå nedst på hovudsida. Ved sidan av “virksomheter med tillatelser” så kan ein trykke på “se komplett liste”, da kjem ein til sida der ein kan sjå alle løyva i Noreg og under kolonna «kontroll» ligg tilsynsrapportane sortert etter årstal. Så kan ein velje fylke under nedtrekksmenyen over “geografisk område”. Når ein har valgt fylke, så kjem alle verksemdene som har utsleppsløyve opp i det valde fylke. Om ein leitar etter ein bestemt type verksemd, kan ein velje til dømes «landbasert» i nedtrekksmenyen for “sektor” og deretter ein meir spesifikk aktivitet i nedtrekksmenyen for “type virksomhet”.

Elles kan ein søke etter bestemte verksemder i søkefeltet, og ein kan endre sektor, type verksemd, fylke og kommune slik ein ønskjer.

 

Verksemder med løyve

 

Her inne ligg det mykje spanande informasjon, så det er berre å klikke seg rundt på sida og sjå kva du finn. Tala for landbasert industri baserer seg på eigenkontrollrapportering, der verksemdene sjølve kvart år rapporterer inn tal for det føregåande året. Desse tala blir rapportert vidare til EU.

Under overskrifta ”Totale utslipp til luft i Norge” finn de også mykje interessant informasjon og historisk oversikt over utslepp. Vi viser her to eksempel på grafar som viser historiske utslepp. Desse grafane er for hushalda i Noreg. Den eine er for CO2-utslepp til luft frå 1997 til 2016, og den andre er for mengde plast produsert av hushaldningar frå 1997 til 2011.

 

Karbondioksid fossilt

 

Plast

Det som de ikkje finn inne på denne sida og som ein må sende innsynskrav til Statsforvaltaren for å sjå, er:

Meldeskjema etter kap. 24, 26, 27, 28, 29 og 30 i forureiningsforskrifta. Desse er: asfaltverk, fiskeforedling, brenning av reine brensler, kjemisk og elektrolytisk overflatehandsaming, skipsverft, pukk, grus, sand og singel. Nokre har løyve, og da finn de dei i norske utslepp, men det er berre nokre av dei som treng det. Dei resterande sender inn meldeskjema til Statsforvaltaren og følgjer reglane i kapittelet tilhøyrande deira aktivitet i forureiningsforskrifta.

Tilsynsdokument frå tilsyn med forskriftsregulerte verksemder.

Frå den følgjande nettsida kan ein sende inn krav om innsyn i ulike saker:

https://einnsyn.no/