Pukkellaksår - Pukkellaks registrert i fleire elvar i Møre og Romsdal

Den siste veka er pukkellaks registrert i elvar i fylket. Statsforvaltar har gitt fleire forvaltningslag utvida fiskeløyve.

Publisert 07.07.2021

Pukkellaksen er ein uønska art i Norge. Den førekjem naturleg i Stillehavet, men har spreia seg til Norge etter utsettingar på Kolahalvøya i Russland på 1960-talet. Fangstane av pukkellaks har auka kraftig dei siste åra og arten ser ut til å utvide leveområdet sørover i Norge. Artsdatabanken har vurdert at pukkellaksen har stort invasjonspotensiale og usikker økologisk effekt.

Pukkellaks har toårig livssyklus og døyr etter gyting. Den førekjem som regel i oddetalsår og er no på veg opp til elvane for å gyte. Pukkellaksen startar gytinga allereie rundt midten av august og det er difor ønskjeleg med uttak før dette.

Sportsfiskarar som får pukkellaks skal avlive fisken og rapportere den i same system som ved fangst av laks og sjøaure. Det er i tillegg ønskjeleg at det blir teke skjelprøve av fisken.