Nye reglar for fiske etter laks og sjøaure

Fiske i Driva ved Sunndalsøra. Foto: Øyvind Leren.

Fiske etter laks og sjøaure i sjø og elv vert stramma inn. Samtidig vert elvene Rauma, Måna og Isa/Glutra opna for ordinært fiske igjen etter friskmelding frå parasitten Gyrodactylus salaris

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.03.2021

Miljødirektoratet har etter ein omfattande høyringsprosess vedteke nye fisketidsreguleringar for perioden 2021-2025. Dette betyr fleire innstrammingar i fiske etter laks og sjøaure i både sjø og elv.

Fiske i elver
For elver med dokumentert gode bestandar, er det i hovudsak mindre endringar i fisketider, men elvene på Smøla får betydeleg redusert fisketid.

Heile 142 av vassdraga i fylket blir stengt for fiske etter laks og sjøaure. Dei fleste av desse blir stengt grunna manglande fangstrapportering. Ein del vassdrag blir også stengt grunna svake fiskebestandar eller manglande organisering av fiskerettshavarar. Såleis er det att 70 elver i fylket som er opne for fiske etter laks og/eller sjøaure.

Liste over opne og stengte elver finn du i fisketidsforskrifta. Vi minner om at lokale forvaltningslag kan vedta strengare reglar enn i fisketidsforskrifta, til dømes kortare fiskesesong eller kvotar.

Det er mogleg å få opna opp at elver som er stengt seinare år. Då må lokale lag sørgje for system for fangstrapportering, og vise til haustbart overskot i elvene. Ta kontakt med Statsforvaltaren om dette.

Fiske i sjøen
Fiske etter sjøaure med stang og handsnøre, inkludert dorging, blir stengt i sjøen i perioden 1. mars - 30. april i heile Møre og Romsdal, med unntak av i Smøla kommune. Fiske etter sjøaure i Sunndalsfjorden, Tingvollfjorden, Bergsøyfjorden og Batnfjorden innanfor E39 (Krifast) er stengt heile året.

Rapportering av fangst av laks og sjøaure med stang i sjøen skal rapporterast på nettsida stangfiske i sjø.

Fiske i munningsfredningsområda
Statsforvaltaren minner i tillegg om forbod mot å fiske laks og sjøaure i munningsfredningsområda. For båt gjeld dette heile året, mens det er lov å fiske med stang frå land etter sjøaure og laks når elva som munnar ut i sona er open for fiske etter sjøaure. Der det er fleire elvar i sona, gjeld den kortaste fisketida.

Sjølaksefiske med fastståande reiskap
Det vert ikkje opna for fiske med kilenot i Møre og Romsdal i perioden 2021-2025. Unntaka er Sunndalsfjorden, Tingvollfjorden, Bergsøyfjorden og Batnfjorden ut til Krifast. Her blir fisketida for laks redusert med ein månad, og er heretter 1. juli – 4. august. Sjøaure er freda og skal gjenutsettast.

Det er ikkje lov å fiske laks og sjøaure med andre typar garn eller nøter. Ved fiske i sjøen er det ei plikt å setje garnet slik at det ikkje fangar laks eller sjøaure. Om ein skulle kome til å fange anadrom laksefisk i garn tiltenkt fangst av saltvassfisk, skal fisken sleppast ut att uansett om han er daud eller levande.

Reglar for nedsenking av garn i Møre og Romsdal

I Møre og Romsdal skal alle garn som blir nytta til fangst av saltvassfisk senkast slik at heile fangstdelen står minst 3 meter under havoverflata til ei kvar tid. Dette gjeld perioden frå og med 1. mars til og med 30. september.