Kommunane tar godt vare på skogen

Bratt og vegnær skogsdrift på Engvika Averøy,  desember 2020
Bratt og vegnær skogsdrift på Engvika Averøy, desember 2020 Foto: Åsmund Asper.

Frå og med 2020 tok kommunane over mynde og tilskot til ordningar rundt skogdrift og skogvegbygging i fylket. Dei har gjort ein god jobb.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.12.2020

Tidlegare hadde Fylkesmannen dette ansvaret.  

– Det var ei viss skepsis til slik overføring av mynde til kommunane. Men dei har gjort ein god jobb. Også med dei økonomiske ordningane, fortel Åsmund Asper, fylkesskogmeister hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

15,5 millionar i tilskot
Fylket har passert 12,3 millionar kroner i tilskot til veg og drift i 2020. 

– Det finnast framleis pengar tilgjengeleg i kommunane. Dei har rydda i sine eigne prosjekt. Der fann dei midlar etter prosjekt som anten vart mindre enn planlagt, eller ikkje sett i gang. Oppryddinga har fristilt nesten 2,2 millionar. Desse midlane kjem tilbake til kommunanes eiga ramme, fortel Asper.

Då koronakrisa kom i mars, var det gitt ei tiltakspakke gjennom Landbruksdirektoratet for å oppretthalde hogstaktivitet og drift for skogsentreprenørane. Til nå er det tildelt 2,9 millionar i koronatilskot i Møre og Romsdal.

– Det meste er allereie utbetalt, fortel Asper.

Landbruks- og mat departementet har endra frist for å søkje om utbetaling av koronatilskot. Fristen for innrapportering om sluttutbetaling er utsett frå 1. desember 2020 til 1. mars 2021.

Oppsummert i 2020 vil budsjettet for veg- og driftstilskotet, samt ordninga kring korona nærme seg 15,5 millionar kroner i tilskot for skognæringa i Møre og Romsdal.    


Positiv effekt
– Betre økonomisk oversikt og auka ansvar i kommunane er positivt. Det viser ei god effekt av overføring av mynde, og synar kor viktig det er med eit fungerande skogkorps i kommunane, seier Asper.

Han understrekar at det framleis er fleire utfordringar kring ny forvaltningsordning. Dette krev mykje dialog og kursing kring datasystem og planlegging/dialog mot skognæringa.

– Men, vi er altså på god veg. Kommunalt tilsette med kompetanse på skog er saman med ei aktiv skognæring effektivt og bra for skogforvaltninga i fylket, seier Åsmund Asper.

Taubanedrift.jpgTaubanedrift med koronatilskot på Averøya, november 2020.
Foto: Dag Bjerkestrand