Statsforvaltaren med fagsamling for den kommunale skogforvaltninga

Foto: Kristian Bergheim, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Foto: Kristian Bergheim, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Om ikkje det vert planta meir skog i Møre og Romsdal, risikerer vi å miste produktive skogareal. Dette ønsker Statsforvaltaren å forhindre.  

Publisert 13.10.2021

Som eit ledd i arbeidet med auka fokus på forynging av skog, arrangerte Statsforvaltaren fagsamling for den kommunale skogforvaltninga på Eventyrlige Skaret tidleg i oktober. Ein del av dagen var sett av til praktiske øvingar og diskusjon ute i skogen i Mordalen.

Risikerer å miste skog

Samlinga sette fokus på problematikken med manglande planting etter hogst. Statistikk for Møre og Romsdal viser at det vert hogd skog på eit vesentleg større areal enn det som vert planta.

Torfinn Kringlebotn frå Skogkurs heldt føredrag om krav til forynging og Allskog orienterte om sin skogkulturaktivitet i fylket. Manglande forynging påverkar grunnlaget for framtidig volum- og kvalitetsproduksjon. Vi risikerer at produktive skogareal går ut av framtidig skogproduksjon.

Må plante etter hogst

Etter skogbrukslova og forskrift om berekraftig skogbruk, skal skogeigaren sørge for tilfredsstillande forynging innan 3 år etter hogst. Skogeigaren utløyser si eiga foryngingsplikt når han bestemmer seg for å hogge skogen.

Det er ulike årsaker til at ein del skogeigarar ikkje plantar til att areala sine etter hogst. Nokre er knytt til haldningar og interesse, andre er knytt til skadegjerarar av ulike slag, som i ein del område gjer det vanskeleg å etablere ny skog.

 

 

Kontaktpersonar