Droner i landbruket

Drona svever over eit plantefelt av gran som er attgrodd med lavtre i Nørvedalen i Fjord kommune. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Drona svever over eit plantefelt av gran som er attgrodd med lavtre i Nørvedalen i Fjord kommune. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Forynging av skog og bruk av drone til sprøyting av uønska vegetasjon. Dette var tema då Allskog arrangerte skogdag i Nørdalen i Stordal i haust. Biodrone AS hadde med to droner, og viste ein av dei i bruk.

Publisert 14.10.2021

I Møre og Romsdal har vi dels store utfordringar med å få opp att ny skog grunna konkurrerande vegetasjon. På frodige marker kan gras og lauvkratt skygge ut småplanter. Dette vil kunne sinke veksten slik at det går lenger tid før skogen vert hogstmoden. Uønska vegetasjon kan også gje dårlegare kvalitet på tømmerskogen.

Det har vore svært lite sprøyting av skogsmark dei siste åra, noko som skuldast fleire forhold. Skogbruket ønskjer ikkje å bruke sprøytemiddel anna enn når det strengt tatt er naudsynt. Dessutan er bruk av ryggtåkesprøyte krevjande arbeid i bratte lier som i demonstrasjonsfeltet i Nørdalen.  

Umodent regelverk

Drona som vart demonstrert i Stordal hadde berre vatn i tanken. Regelverket opnar ikkje for bruk av drone til skogsprøyting i dag utan dispensasjon. Både Allskog og Biodrone AS arbeider opp mot sentrale mynde, m.a. Mattilsynet, for eit klarare regelverk. Dette er eit døme på at utviklinga av teknologien går raskare enn regelverket klarer å følgje med på.

Kapasitet og presisjon

Drona som vart nytta på skogdagen hadde ein tank på 16 liter. Den andre drona hadde dobbelt så stor kapasitet. Dei kan fly etter nøyaktige posisjonar ved hjelp av GPS. Det er mogleg å programmere drona slik at det berre vert punktsprøyta rundt dei trea ein ønskjer, eller berre i delar av eit plantefelt. Etterfylling av sprøytevæske og batteriskifte går svært raskt. Drona kunne sprøyte eit dekar på fem til ti minutt. Med ryggtåkesprøyte vil ein måtte bruke ein time på same arealet.  

Mange bruksområde

Droner kan nyttast til fleire føremål i landbruket. Det kan vere såing eller gjødsling, gjerne i område ein ikkje kjem fram med traktor, eller ikkje ønskjer køyrespor. Drona kan nyttast til overvaking og kartlegging ved hjelp av laser eller kamera. Biodrone AS samarbeider med NIBIO og Norske Landbrukstenester gjennom ulike forskingsprosjekt der drone kan nyttast i landbruket. Vidare har dei signert ein avtale med Allskog om bruk av dronetenester i skogbruket.

Kontaktpersonar