Kvar går vegen vidare for jordbærproduksjonen i Valldal?

Kristin G. Sandnes i Valldal bærdyrkarlag leia møtet om framtida for Valldalsbæra
Kristin G. Sandnes i Valldal bærdyrkarlag leia møtet om framtida for Valldalsbæra

Ein svært vanskeleg sesong for jordbærbøndene i Valldal på Sunnmøre førte til lite jordbær på marknaden. Alt slo feil; klima, nedbør, skadedyr og mangel på arbeidskraft. Kvar går vegen vidare for jordbærproduksjonen i Valldal? Dette var tema på eit møte som Valldal bærdyrkarlag og Indre Storfjord bondelag inviterte til.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.10.2021

Sterk merkevare

I Valldalen har dei dyrka jordbær på friland i meir enn 100 år. Det som ein gong starta i det små, har utvikla seg til ei sterk merkevare for bygda som ligg inst i fjorden mellom turistmagnetane Geiranger og Trollstigen. Folk køyrer langvegs frå heile Sunnmøre, Nordmøre og Nord-Gudbrandsdalen for å sikre seg Valldalbær, og legg samtidig att pengar hos serverings-og reiselivsbedrifter i området.

Utfordrande avlingsår

Dei seinare åra har vore vanskelege. Avlinga har gått frå eit snitt på 1 500 kg/daa til 300-400 kg/daa, som fleire av gardane er nede på i år. I vår såg sesongen lovande ut. Overvintringa gjekk bra og åkrane var kvite av blomster tidleg i sesongen. Dei håpa på eit brukbart år. Slik blei det ikkje. Det var stor usikkerheit kring arbeidskraft grunna Covid-19 og innreisereglar. Grensene vart opna i tolvte time, men varmt og tørt vêr med rekordtidleg og rask modning førte til ein del rotning før arbeidshjelpa kom på plass. I tillegg gjorde stor usikkerheit kring covid-reglande at ein del arbeidarar skaffa seg arbeid andre stader og ikkje kom til Valldal som planlagt. I tillegg førte eit stort innrykk av jordbærsnutebiller til at blomstrane vart øydelagde. Dette er eit skadedyr som alltid har funnest i jordbæråkrane, men som det ikkje lenger finnast effektive middel mot. Norsk landbruksrådgjeving anslår at skade gjort av jordbærsnutebiller har gjeve eit gjennomsnittleg avlingstap på 50% i Valldal i år.

Bærmottaket Valldal Grønt AS er eigd av mange produsentar i tillegg til ein del eksterne. Anlegget er det einaste i Noreg som er godkjent for vask og singelfrysing for levering til industri. Det har vore investert store summar i anlegget for å kunne levere topp kvalitet og tilfredsstille stadig høgare krav frå industrien, grossistar og myndigheitene. Valldal Grønt AS og produsentane er gjensidig avhengig av kvarandre. Utan avling har ikkje Valldal Grønt bær å foredle og selje, og utan Valldal Grønt vil produsentane misse apparatet som tek bæra ut i marknaden.

Vegen vidare

Kva må gjerast framover? Avlingane må opp. Ein produsent driv forsøk med tunnelproduksjon, men dei er usikre på om særpreget til Valldalsbæra vert bevart då. Bæra er kjent for den gode smaken som skil dei klart frå importbær i butikkane, men også frå bær dyrka andre stader i Noreg. Delar av forklaringa på den gode smaken er sortane som vert dyrka i Valldal. Ein stor del av bæra vert levert til industrien, som har andre krav til farge og syre enn konsummarknaden. Ein tenkjer også at jordsmonnet i Valldal, mykje lys både dag og natt, varme dagar og kjølige netter, samt sol og regn er med på å prege smaken på same måte som den gjer det for vindruer i ulike vindistrikt.

I Valldal har dei tradisjonelt dyrka bær på åkrane i dalen i lange omløp. Vekstskifte er ei utfordring, sidan det ikkje er mykje areal å bytte på med. Kan ein ha kortare omløp, strekke ut sesongen med fleire bærsortar,  andre artar, nye dyrkingsmetodar eller nytta marknaden betre? Kan ein kombinere jordbærdyrking og gardsdrift med familieliv, ungar og ferie? Jordbærprodusentane i Valldal står ved eit vegskilje, der dei skal finne vegen vidare. Håpet er at vi også for framtida kan reise til den vakre Sunnmørsbygda og ete herlege, smaksrike jordbær.

Kontaktpersonar