Jordbrukets verdsarvsatsing

Geirangerfjorden sett fra aust.
Geirangerfjorden sett fra aust. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Oppdatert 17.02.2021

Statsforvaltaren har eit ansvar for å bidra til heilhetstenking innanfor verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap – Geirangerfjordområdet.

Jordbrukets verdsarvsatsing er ei tilskotsordning som har til føremål å styrke jordbruket i området.  Les meir om jordbrukets verdsarvsatsing på Landbruksdirektoratet sine nettsider.  

Statsforvaltaren skal:

  • Rettleie kommunen i regelverksspørsmål, bruk av søknads- og sakshandsamingssystemet og støtte med fagleg rettleiing.
  • Sikre at ordninga blir forvalta i tråd med forskrifta og statens økonomireglement, og utføre kontroll av ordninga hos kommunen.
  • Behandle klager på vedtak fatta av kommunen.
  • Rapportere årleg til Landbruksdirektoratet om prognoser og forbruk for ordninga.

Forvaltning av jordbrukets verdsarvsatsing

Midlar til jordbrukets verdsarvsatsing blir sett av over det årlege jordbruksoppgjeret. Føremålet med ordninga er å styrke landbruket i verdsarvområda gjennom å gi tilskot til skjøtsel og drift. Det kan innvilgast tilskot i samsvar med forskrift for ordninga , lokale retningsliner og planar for området. Bruken av midlar skal sjås i samanheng med midlar frå miljøforvaltninga.

Landbruksdirektoratet har det overordna koordineringsansvaret for forvaltning av ordninga.

Kommunen gjer vedtak i tilskotsordninga. Det inneber at kommunen har ansvar for å fastsette søknadsfrist, informere og rettleie om regelverket og om søknadsprosessen. Kommunen skal og behandle søknader, fatte vedtak om tilskot og godkjenne utbetaling av tilskot. I tillegg har kommunen ansvar for å utarbeide og vedlikehalde lokale retningsliner og planer for området. For Geirangerfjordområde er det Stranda kommune  som er vedtaksmyndigheit.

 


Publisert 05.02.2020

Evaluering av verdsarvsatsinga Vestnorsk fjordlandskap

På oppdrag frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Fylkesmannen i Vestland, har Telemarksforsking gjennomført ei evaluering av verdsarvsatsinga Vestnorsk fjordlandskap. Denne satsinga består av delområda Nærøyfjorden og Geirangerfjorden.


Vestnorsk fjordllandskap

Vestnorsk fjordlandskap vart innskrive på UNESCOs verdsarvliste i 2005, og er eitt av åtte norske verdsarvområde. Verdsarvområdet består av to delområde; Geirangefjordområdet i Møre og Romsdal og Nærøyfjordområdet i Vestland. I begge desse områda spelar jordbruket ein vesentleg rolle, og områda har betydelege verdiar knytt til jordbrukets kulturlandskap.