Utviklinga i kommuneøkonomien for 2020

Statsforvaltaren har laga ein rapport som viser hovudtrekka i utviklinga av kommuneøkonomien for 2020 i Møre og Romsdal. 

Publisert 14.07.2021

Rapporten inneheld eit utval av indikatorar som viser den økonomiske utviklinga for kommunane, både enkeltvis og samla.

Tala er henta frå Statistisk sentralbyrå (SSB) og i hovudsak databasen KOSTRA. KOSTRA står for Kommune-Stat-Rapportering. Kvart år rapporterer kommunane rekneskapstala sine til SSB. Rundt den 15. mars blir ureviderte tal publisert og rundt den 15. juni blir dei reviderte tala publisert. Tala i rapporten byggjer på dei reviderte rekneskapstala.

Rapporten er aktuell for politikarar, leiarar og tilsette i kommunane, forvaltningsorgan på fylkes- og regionalt nivå, innbyggarar i Møre og Romsdal og andre som har interesse for kommunane sin økonomi.