Fylkesløft (prosjektskjønn) tildeling 2022

Målet med Fylkesløft er å gi kommunane støtte til å prøve ut nye løysingar i si verksemd. Prosjektets mål må vere å styrke kommunen sin rolle som tenesteprodusent, myndigheitsutøvar, lokaldemokratisk arena og samfunnsutviklar, slik at oppgåvene blir løyst betre.

Publisert 12.10.2021

Ein del av skjønnsramma skal gå til fornyings- og innovasjonsprosjekt i kommunane. I Møre og Romsdal kallar vi prosjektskjønn for Fylkesløft.

Det kom inn 45 søknadar på til saman 49 millionar kronar. For 2022  er det førebels tildelt 6,6 millionar på Fylkesløft (prosjektskjønn).

Statsforvaltaren sine vurderingar tar utgangspunkt i føringane og kriteria i vårt invitasjonsbrev av 05.03.21. For 2022 har Fylkesløft fire satsingsområde:

  • Berekraftsfylket Møre og Romsdal
  • Ungt entreprenørskap
  • Barn og unge
  • Helseplattforma

Prosjekta som har fått støtte ligg i oversikta til høgre under relaterte dokumenter.

Utbetaling av Fylkesløft (prosjektskjønn) skjer gjennom den statlege rammeoverføringa i januar 2022.

Statsforvaltaren vil be kommunen om ei mellom- og sluttrapportering på prosjekta. Mellomrapporteringa vil bli gjort i slutten av juni i 2022 og sluttrapporteringa i slutten av januar i 2023.

Det blir sendt ut ein e-post til kontaktpersonen på prosjektet som blir ansvarleg for rapporteringa og vil vere vår kontaktperson. Rapporteringa skal gjerast i det same systemet der søknaden vart sendt inn (ISORD). Alle tildelingane er gitt med vilkår om deling av erfaringar og resultat med andre kommunar.

Retningslinene for skjønnstildelinga 2022 ligg i oversikta til høgre under relaterte dokumenter.