Allanengen og Vågsetra nominert til Dronning Sonjas skolepris 2021

Foto: Skjermbilete frå skolane sine nettsider.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har nominert Allanengen barneskole i Kristiansund og Vågsetra barne- og ungdomsskole i Molde til Dronning Sonjas skolepris.

Publisert 09.09.2021

Prisen går til ein skole som fremmer likeverd og er gode på å inkludere på ein framifrå måte.

Statsforvaltaren har fått inn kandidatar til prisen og gjort ulike undersøkingar i interne og eksterne system. Vi finn at dei to skolane vi har nominert er gode kandidatar til å konkurrere om Dronning Sonja sin skolepris også på landsbasis.

Det er Utdanningsdirektoratet som lyser ut prisen. Leder av juryen, professor Inga Bolstad, kunngjer vinnarskolen i oktober.

Her gir vi ein kort presentasjon av kandidatane:

Allanengen barneskole i Kristiansund

Dette er ein stor og gamal byskole med cirka 230 elevar. Skolen har kommunen sine to innføringsklassar. Dei har jobba langsiktig med læringsmiljøet over fleire år.

I 2018 melde dei seg på Læringsmiljøprosjektet gjennom Utdanningsdirektoratet. Deltakinga ga kompetanseheving og bevisstgjering blant personalet. Dei har no gode verktøy og tiltak i arbeidet for å inkludere alle, og for å ha eit trygt læringsmiljø. Skolen har klart å utvikle vi-kjensla.

Visjonen til skolen er: TRIVSEL, KUNNSKAP OG MANGFOLD I SENTRUM. Elevhelseteamet og trivselsteamet jobbar for tryggleik og å inkludere alle.

Vågsetra barne- og ungdomsskole på Skåla

Denne skolen ligg i landlege omgivnader, cirka to mil frå Molde by. Skolen har cirka 280 elevar.

På Vågsetra skole er dei opptekne av at elevane skal kjenne at dei meistrar, uansett kva nivå den enkelte eleven er på. For å kunne lukkast må alle jobbe i lag mot eit felles mål. Skolen har lagt ned mykje arbeid og har vekt på psykisk helse, likeverd og å inkludere.

Skolen sin visjon er derfor: MESTRE SAMMEN. Fokus på å førebygge mobbing er intensivert, og medverknad av elevar er prioritert både på det pedagogiske og metodiske opplegget i timane.

Statsforvaltaren er glad for å kunne nominere to skoler til Dronning Sonjas skolepris, og er spent på om ein skole frå Møre og Romsdal kan vinne i år!