Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Forventningsbrev 2021

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sender i dag ut Forventningsbrev 2021 til kommunane i fylket. 

Publisert 08.02.2021

Vi vil gjennom Forventningsbrev 2021 rette søkelys på nokre sentrale oppgåver som kommunane forvaltar, og som Regjeringa er spesielt opptatt av og har klare forventningar om for kommande år.

Dokumentet er bygd opp kring fire hovudkapittel:

  • Utfordringsbildet,
  • Overordna prioriteringar,
  • Statsforvaltarens forventningar til kommunane og
  • Grunnlag for vidare dialog og samarbeid.

Forventningsbrevet blir sendt ut til kommunane med utgangspunkt i vår rolle som formidlar av nasjonal politikk til lokalt nivå. Vi oppmodar kommunane til å distribuere Forventningsbrevet både til politiske organ, leiarar og andre aktuelle medarbeidarar i kommunen.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal ønskjer god kontakt med den enkelte kommune på alle tenestenivå og dette forventningsbrevet er eit supplement til andre møte og treffpunkt vi ser fram til å ha med kommunens administrative og politiske leiing.