Innsending av verjerapport i Altinn
Verjer som skal sende skjemaet Verjerapport (Årleg og avsluttande erklæring om økonomiforvaltning) via www.altinn.no, må logge seg inn med eiga brukar.
Skjema for verjerapport skal sendast inn av verja.
Verjer som ved forsøk på å sende skjemaet Verjerapport (Årleg og avsluttande erklæring om økonomiforvaltning) via www.altinn.no får melding om at dei ikkje kan sende inn skjemaet fordi dei manglar tilgang, har mest sannsynleg logga seg inn i Altinn med brukaren til den dei er verje for eller på vegner av ei verksemd.
Løysinga for verjer som opplever problem med å få tilgang til skjemaet for verjerapport, er å vere innlogga med si eiga profil på www.altinn.no.
Lenkjer
Sikker melding:
Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon via Altinn: Sikker melding (verjemål).
E-post:
For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon via e-post.
Postadresse verjemålsseksjonen:
Postboks 7310, 5020 Bergen
Telefon:
Direkte til verjemålsseksjonen:
55 57 23 00
Telefontid er måndag til onsdag 12.00–14.00.
Kontaktpersonar:
Anne K. Hjermann, avdelingsdirektør
Pia Davanger Angel, seksjonsleiar