Skatteetaten lanserer ny metode for innkreving

Skatteetaten har varsla om endring av metode for innkreving av midlar frå 2026, som kan ha betydning for dei som skuldar pengar og for dei som er oppnemnd som verje til nokon som skuldar pengar.  

Publisert 10.12.2025

Frå 2026 får alle som skuldar pengar berre eit samla utleggstrekk, uansett kor mange krav som er gått til tvangsinnkreving. Skatteetaten samordnar alt i eit system, og berekner kor mykje skuldnar skal behalde til livsopphald, og kor mykje som kan bli trekt i inntekt. 

Skuldnar (og etter kvart verja) kan logge seg inn og sjå kva krav som inngår i trekket, kva som skal bli trekt, og kva som er lagt til grunn for berekninga av livsopphald og storleiken på trekket. 

Ordninga fører til at arbeidsgjevaren til skuldnar får tilgang til mindre informasjon enn før, og det er med på å styrke personvernet.

Det vil bli ei overgangsperiode frå 2026 til 2029. I denne tida vil nokre skuldnarar framleis kunne ha fleire utleggstrekk etter dagens ordning, mens andre vil få eit samla trekk etter den nye ordninga. Trekk som allereie lauper, vil som hovudregel halde fram etter dagens ordning til dei er avslutta. 

Skatteetaten vil ta over ansvaret for krav som tidlegare låg i andre etatar. Dette gjeld personar med trekk i løn, pensjon eller yting frå Nav. 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.