Redusert lesetilgang til meldingar sendt verjemålsseksjonen via Altinn

Grunna overgang til ny arkivkjerne i verjemålssaker, får vi i ein kort periode ikkje lesetilgang til meldingar du har sendt oss via Altinn frå den 6. august.

Publisert 16.07.2021

Du kan framleis sende oss meldingar i Altinn frå 6. august, men vi vil dessverre ikkje få tilgang til å lese dei før tidlegast den 11. august. I utgangspunktet vil ingen søknader eller meldingar vi får i Altinn bli behandla før denne datoen.

Vi beklagar dei ulempene dette medfører.

Ved generelle spørsmål kan du sende e-post til vårt postmottak, men vi anbefaler at du ikkje oppgir sensitive opplysningar på e-post.

Telefonen til verjemålsseksjonen er open som normalt i veke 32.

Kontaktinformasjon

Sikker melding:

Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon via Altinn: Sikker melding (verjemål).

 

E-post:

For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon via e-post.

sfvlpost@statsforvalteren.no

 

Postadresse verjemålsseksjonen:

Postboks 7310, 5020 Bergen

 

Telefon:

Direkte til verjemålsseksjonen:

55 57 23 00

 

Telefontid er måndag til onsdag 12.00–14.00.

 

Kontaktpersonar:

Anne K. Hjermann, avdelingsdirektør
Pia Davanger Angel, seksjonsleiar