Verjemål med fråtaking av rettsleg handleevne

Verjemål er som hovudregel eit frivillig hjelpetiltak, som ikkje kan opprettast eller oppretthaldast i strid med den hjelpetrengande sin reelle vilje. I eit ordinært verjemål, vil den hjelpetrengande framleis kunne inngå avtaler sjølv, eller å disponere over midla sine. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.06.2021

Verja kan hjelpe den som er under verjemål, men er forhindra frå å gjere disposisjonar som personen med verje direkte motsett seg.

Dersom det er nødvendig å hindre personen med verje i å gjennomføre eller la vere å gjennomføre konkrete handlingar, gi verja rett til å gjere handlingar som personen med verje direkte motset seg, eller dersom det er nødvendig å opprette eller oppretthalde eit verjemål i strid med den hjelpetrengande sin vilje, kan det på nærare vilkår opprettast verjemål med fråtaking av rettsleg handleevne. Verjemål med fråtaking av rettsleg handleevne vert oppretta av domstolane, og erstattar umyndiggjeringsinstituttet. 

Fråtaking av rettsleg handleevne inneber at vedkomande vert hindra i å gjennomføre bestemte handlingar på eiga hand. Dersom ein person for eksempel er fråteken rettsleg handleevne når det gjeld å disponere over fast eigedom, kan ikkje vedkomande kjøpe eller selje eigedom aleine. Det vil då vere verja som må gjere handlinga på vegner av vedkomande. Verja pliktar å høyre han eller ho som er under verjemål, men kan gjere disposisjonar personen med verje motset seg.  

Er personen med verje ueinig i verja si avgjerd, kan spørsmålet bringast inn for Statsforvaltaren. 

Fråtaking av rettsleg handleevne skal tilpassast bistandsbehovet til vedkommande. Handlingar som ikkje er omfatta av det vedkomande er fråteken rettsleg handleevne for, kan personen framleis gjere. For eksempel ville vedkomande stått fritt til å avslå tilbod om omsorgstenester, sjølv om han eller ho var fråteken rettsleg handleevne knytt til å disponere over fast eigedom.

Sjølv om ein person er fråteken rettsleg handleevne, har han eller ho som hovudregel også rett til å disponere inntekt som er tent ved eige arbeid, gjere innkjøp til eige hushald eller å inngå arbeidsavtalar sjølv. Dette kallast resthandleevne. Skal vedkomande også fråtakast si resthandleevne, må det gå uttrykkeleg fram av dommen.

Fråtaking av rettsleg handleevne inneber ikkje fråtaking av faktisk handleevne. For eksempel vil ein person kunne fråtakast retten til å søkje om og avslå eit konkret bu-tilbod, men det kan ikkje tvingast gjennom at vedkomande faktisk nyttar seg av bu-tilbodet. Eit anna eksempel er at det ikkje går an å ta i frå nokon rettsleg handleevne knytt til å ta i mot besøk eller oppsøke nokon. I desse tilfella må andre tiltak nyttast, f. eks innlegging i institusjon utan samtykke etter helselovgivinga eller besøksforbod etter straffeprosesslovgivinga.

Fråtaking av rettsleg handleevne kan aldri omfatte helsehjelp med tvang. Har ein person behov for helsehjelp, og nektar å ta i mot hjelpa, må tvangsbruken vurderast etter helselovgivinga.

Dersom ein person som er fråteken den rettslege handleevna si ved dom, må krav om oppheving av verjemålet som hovudregel fremjast ved nytt søksmål. Det kan ikkje reisast søksmål før det har gått eitt år etter at dommen vart rettskraftig. Personen kan reise sak sjølv om han eller ho er fråteken rettsleg handleevne, dersom vedkomande forstår kva det inneber. Dersom det er forsvarleg, kan Statsforvaltaren heilt unntaksvis oppheve verjemål oppretta ved dom. Lovregelen vert brukt sjeldan, og det skal svært mykje til for at Statsforvaltaren har heimel til å oppheve eit verjemål oppretta ved dom.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.