Pengar til ferien for verjehavar

Dersom den du er verje for ønskjer utbetaling frå kapitalkontoen sin til ferien, bør du vere tidleg ute.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.05.2021

Mange verjehavarar ønskjer å få utbetalt midlar frå kapitalkontoen sin til sommarferien. Av erfaring veit vi at vi får ein auke i tal søknader om Statforvaltaren sitt samtykke til bruk av kapital framover. På grunn av mange søknader og ferieavvikling, må ein rekne med noko lenger sakshandsamingtid enn vanleg. Vi rår derfor alle verjer til å søke om bruk av kapital så snart som råd, dersom verjehavar ønskjer pengar til ferien. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.