Innlevering av verjerekneskap 2020

Alle verjer med rekneskapsplikt skal levere verjerekneskap for 2020. Rekneskapen skal leverast samla, og frist for innsending er 30. april 2021.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.02.2021

Vi sender informasjonsbrev om innsending av verjerekneskap 2020 til alle verjer som står registrert med aktive verjemål med rekneskapsplikt per 31.12.2020.

Vi ønskjer helst at du sender rekneskapen digitalt, og oppmodar alle verjer til å nytte Altinn.

I Altinn fyller du ut skjema for årleg erklæring om reknskap og formueforvalting (fullstendigheitserklæring) og legg ved skattemeldinga, årsoppgåver, kontoutskrifter, og eventuell annan rekneskapsdokumentasjon. For direkte lenke til skjema og instruksjon for utfylling og innsending, sjå www.vergemal.no/vergeregnskap. Du kan også gå inn via www.altinn.no og velje tema «Vergemål» under «Skjema og tjenester».

Til høgre finn du informasjonsbrev til verjer med rekneskapsplikt. Du finn og skjemaa «Fullstendighetserklæring» og «Forside for skanning». «Forside for skanning» skal du berre nytte dersom du sender oss verjerekneskapen per post. Alle dokumenta er på nynorsk og bokmål.

Du kan ringe verjemålsseksjonen på telefon 55 57 23 00. Telefontid er måndag-onsdag 1200-1400.

Det er stor pågang på telefonlinjene våre, og vi har ikkje kapasitet til å svare på alle spørsmål om rekneskap på telefon. Vi oppmodar derfor om å sjå «Ofte stilte spørsmål» og «Video om digital innsending av regnskap» før du ringer. Du kan også sende førespurnad via skjemaet «Melding til verjemålsseksjonen». Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende inn spørsmål, søknader, og anna.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.