Verjemål

Oppdatert 15.02.2023

Ei verje sikrar interessene til ein person som anten er mindreårig, eller som har fått oppnemnt verje. Ein person som treng hjelp til å sikre sine eigne interesser, kan få verje både på det økonomiske og det personlege området.

Det å få verje vil seie at du får hjelp til gjeremål du ikkje greier sjølv, slik at du kan fungere på lik linje med andre i samfunnet. Eit verjemål skal vere tilpassa behova du har, og det skal ikkje vere meir omfattande enn det som er nødvendig. Vanleg verjemål er frivillig, og du bestemmer sjølv om du vil ha verje eller ikkje. 

Statsforvaltaren er førsteinstans på verjemålsområdet. Det vil seie at det er Statsforvaltaren du skal kontakte om du, eller nokon som står deg nær, treng verje. 

Klagerett

Du kan klage på eit vedtak om oppretting av verjemål. Dei som har rett til å klage er vedkommande som er sett under verjemål, verja, den som har sett fram kravet om verjemål eller personens ektefelle/sambuar, næraste livsarving og søsken. For andre vedtak enn oppretting av verjemål er det vanlig klagerett etter reglane i forvaltningslova. Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket. Du skal sende klagen til Statsforvaltaren. Statsforvaltaren kan omgjere vedtaket, eller sende klagen vidare til Sivilrettsforvaltninga, som er tilsynsmynde og klageinstans for vedtak gjort av Statsforvaltaren.

Vil du bli verje?

Det er ulike typar verjer:

  • Du kan bli oppnemnt som verje til barn utan foreldre, eller dersom foreldra av ulike grunnar ikkje kan ha heile eller delar av verjeansvaret
  • Du kan bli oppnemnt som verje for vaksne
    • viss du er forelder til vaksne barn
    • viss du er søsken, besteforelder, onkel, tante eller ein annan person i storfamilien eller i omgangskrinsen. I tillegg kan du også vere verje som nabo, ven eller viss du berre har eit ønske om å bidra ved å stille opp frivillig
    • viss du vel å stille opp som verje som ein del av arbeidet ditt, eller berre fordi du har eit ønske om å vere til nytte (fast verje/profesjonell)
  • Du er verje som forelder til egne barn under 18 år. Verje er den eller dei som har foreldreansvaret.

Kva som må til av kvalifikasjonar og eigenskapar for at du skal kunne bli verje, er avhengig av oppdraget. Statsforvaltaren avgjer kven som skal vere verje, og hovudregelen er at valet vert teke i samråd med personen som skal ha verje. Som regel legg vi vekt på at du handterer utfordringar, har kjennskap til regelverket og offentlege instansar, at du er flink til å formulere deg, har orden i eigen økonomi og likar å gjere noko for andre. Du må også ha god vandel, og verjer må leggje fram politiattest. Statsforvaltaren tilbyr nødvendig opplæring og ser til at du utfører vervet på forsvarleg vis.

 

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

08.05.2023

Frist for innsending av rekneskap 2022

Fisten for innsending av verjerekneskap 2022 var 30.04.2023


25.04.2023

Forvaltning av midlar

Dersom vi disponerer midlar på vegner av den som er under verjemål, kan verja se kor mykje vi  disponerer ved å logge seg inn i verjemålsportalen. 


25.04.2023

Saks-ID i elektroniske skjema til verjemålsseksjonen

Du kan sende elektronisk søknad eller melding til verjemålsseksjonen via Altinn. I desse elektroniske meldings- og søknadsskjemaene, kan du bli bedt om å oppgje saks-id (referansenummer). Dersom vår saks-id har meir enn seks siffer, får du feilmelding når du skriv det inn i skjemaet. 


10.03.2023

Innlevering av verjerekneskap 2022

Alle verjer med rekneskapsplikt skal levere verjerekneskap for 2022. Rekneskapen skal leverast samla, og frist for innsending er 30. april 2023.


22.02.2023

Ventar du på svar frå Statsforvaltaren i Vestland på søknaden din om verjegodtgjering?

Statsforvaltaren i Vestland har fått svært mange søknader om verjegodtgjering. På grunn av det har vi ei noko lengre saksbehandlingstid enn normalt.


20.02.2023

Arv og dødsbuskifte

Dersom ein person under verjemål er arving i eit dødsbu, skal vi sikre at personen får den arva han eller ho har krav på etter lov eller testament. Vi passar på at arvingen under verjemål har ei eigna verje som kan ta hand om interessene hans eller hennar, og kontrollerer sluttrekneskapen i dødsbuet.


06.02.2023

Verjemålsportalen er oppdatert

Statens sivilrettsforvaltning har oppdatert verjemålsportalen. 


21.12.2022

E-læringskurs og introduksjonskurs for nye verjer

Alle oppnemnde verjer har tilgang til ei digital kursplattform ved å logge seg inn på Mine verjemål. 


21.12.2022

MinID og pinkodebrev

Frå nyttår er det ikkje lenger mogleg å bruke pinkodebrev frå Skatteetaten for å logge inn i MinID. 


09.11.2022

Digitale løysingar

Statsforvaltaren har samla ei oversikt over digitale løysingar som kan vere nyttige for deg som verje. 


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel

Film om kva det betyr å ha verje

Kontaktinformasjon

Sikker melding:

Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon via Altinn: Sikker melding (verjemål).

 

E-post:

For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon via e-post.

sfvlpost@statsforvalteren.no

 

Postadresse verjemålsseksjonen:

Postboks 7310, 5020 Bergen

 

Telefon:

Direkte til verjemålsseksjonen:

55 57 23 00

 

Telefontid er måndag til onsdag 12.00–14.00.

 

Kontaktpersonar:

Anne K. Hjermann, avdelingsdirektør
Jeaneth Bjørndal, fung. seksjonsleiar