Statsforvaltaren i fylket der du bur, har informasjon om telefontider, lokale kurs og rekruttering av nye verjer. Det er også statsforvaltaren som kan svare dersom du har spørsmål om ei konkret sak.
Verjemål
Personar som ikkje kan ta hand om interessene sine sjølv på grunn av skade, sjukdom eller funksjonsnedsetting, kan få hjelp av ei verje. Ei slik ordning, eit verjemål, er frivillig og tilpassa ønska og behova til den som har verje. Det er statsforvaltaren som utnemner og følgjer opp verjene, og det er Sivilrettsforvaltninga som er sentral verjemålsmyndigheit.
Nyhende om verjemål
26.03.2026Verjemålsseksjonen sin publikumstelefon er stengt 1. april
Grunna påske, er verjemålsseksjonen sin publikumstelefon (55572300) stengt onsdag den 1. april 2026.
26.03.2026
Innsending av verjerapport i Altinn
Verjer som skal sende skjemaet Verjerapport (Årleg og avsluttande erklæring om økonomiforvaltning) via www.altinn.no, må logge seg inn med eiga brukar.
25.03.2026
Vil du hjelpe mindreårige asylsøkjarar og flyktningar?
Vi treng fleire representantar og verjer for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar i områda kring Stord, Voss, Ullensvang og Florø.
24.03.2026
Timelister for verjegodtgjering ved avsluttande arbeid
For verjemålssaker som vert avslutta etter 30.06.2026, vil Statsforvaltaren i Vestland krevje timeliste for alt avsluttande arbeid. Dette gjeld både ved opphøyr av verjemål, byte av verje og saker der verjehavar er død.
03.02.2026
Innlevering av verjerapport 2025
Alle verjer med rapporteringsplikt (tidlegare rekneskapsplikt) skal levere verjerapport for 2025. Dokumenta i rapporten skal leverast samla, og frist for innsending er 30. april 2026.
13.01.2026
Verjemålsseksjonen sin publikumstelefon er stengt 14. januar
Grunna eit internt arrangement er verjemålsseksjonen sin publikumstelefon (55572300) stengt den 14.01.2026.
10.12.2025
Skatteetaten lanserer ny metode for innkreving
Skatteetaten har varsla om endring av metode for innkreving av midlar frå 2026, som kan ha betydning for dei som skuldar pengar og for dei som er oppnemnd som verje til nokon som skuldar pengar.
10.12.2025
Telefontid i jola
På grunn av jol, blir verjemål sin publikumstelefon (55572300) stengt frå mandag 22. desember 2025. Telefonen opnar igjen 5. januar 2026.
18.11.2025
Utbetaling frå kapitalkonto i jola
Dersom det er behov for å overføre midlar frå den kapitalkontoen vi forvaltar på vegner av personar med verje til jol, bør du søke om bruk av kapital snarast råd.
14.08.2025
Verjemål og val
Dei med stemmerett kan stemme ved årets Stortingsval sjølv om dei har verje.
Fleire nyhende Få nyheitsvarsel
Lenkjer
Sikker melding:
Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon via Altinn: Sikker melding (verjemål).
E-post:
For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon via e-post.
Postadresse verjemålsseksjonen:
Postboks 7310, 5020 Bergen
Telefon:
Direkte til verjemålsseksjonen:
55 57 23 00
Telefontid er måndag til onsdag 12.00–14.00.
Kontaktpersonar:
Anne K. Hjermann, avdelingsdirektør
Pia Davanger Angel, seksjonsleiar