Godtgjering for nærståande verje

Med nærståande verje meiner vi born av, forelder til eller ektefelle/sambuar til den som har verje.

Vilkår for dekning av faktiske utgifter

Særlege grunnar for godtgjering

Kven dekker kravet frå verje?

Korleis søkje?

Kva må søknaden innehalde?

Kva arbeid og oppgåver gir ikkje rett til godtgjering?

Korleis klage på vedtaket?

Nærståande verjer har som hovudregel ikkje rett på godtgjering, men har rett på ei årleg utgiftsdekning på kr 1 000,-.

Årleg utgiftsdekning blir utbetalt på etterskot og du må søkje til oss før du kan ta ut utgiftsdekninga. Summen skal dekke utgifter som kan vere vanskeleg å dokumentere, slik som porto, kopiering, telefon med meir.

Vilkår for dekning av faktiske utgifter

Dersom verja har utgifter som overstig den faste satsen i vesentleg grad, kan han eller ho søkje om å få dekt desse utgiftene. Utgiftene må vere nødvendige for å ta hand om verjeoppdraget.

Dersom verje har utgifter på over kr 2 000,- i løpet av eitt år, kan dette oppfylle kravet til «i vesentleg grad».

Verje må sende søknad til oss med dokumentasjon på utgiftene. Dokumentasjon kan vere kvitteringar, utskrift frå bompengepassering, kilometerliste med meir.

Særlege grunnar for godtgjering

I nokre tilfelle kan det vere aktuelt å innvilge godtgjering og for nærståande verjer. Vi vil då sjå på lengda og omfanget av oppdraget.

Dersom vi godkjenner godtgjering til nærståande verje følgjer vi dei same satsane som for alminnelege verjer.

Kven dekker kravet frå verje?

Det er verjehavar si inntekt og formue som er avgjerande for kven som skal dekke kravet. Hovudregelen er at verjehavar sjølv skal betale godtgjering og utgiftsdekning til verje.

Inntekts- og formuegrensa er ulik ut ifrå om verjehavar er einsleg eller har felles økonomi. Verjehavar må vere under begge grensene for at vi skal ha plikt til å dekke kravet.

Sjølv om vi ikkje har plikt til å dekke kravet, kan vi likevel dekke heile eller deler av kravet når betalingsevna til verjehavar tilseier det. Ved vurderinga av betalingsevne ser vi mellom anna på om verjehavar har høge bukostnadar, høg gjeld, låg inntekt med meir. Vurderinga gjer vi når vi får søknaden frå verje.

Vi kan og vurdere å forskottere kravet dersom verjehavar ikkje har midlar til å dekke kravet akkurat no, men vi veit at det kan kome midlar på eit seinare tidspunkt.

Korleis søkje?

Ein kan sende søknad til oss elektronisk eller per post. Ein finn søknadsskjema blant anna på vergemal.no. Vi ønskjer å få søknaden tilsendt elektronisk.

Kva må søknaden innehalde?

Søknaden må innehalde opplysningar om kva ein søkjer om, kva periode søknaden gjeld for og kven som skal dekke kravet.

Når du søkjer som nærståande verje må du grunngje kvifor ein meiner at det ligg føre «særlege grunnar» for at oppdraget skal godtgjerast.

Om du søkjer om utvida utgiftsdekning må du leggje ved ei kilometerliste, kvitteringar og liknande. Kilometerlista må innehalde dato, formål med reisa, kvar du har reist til og frå, og kor mange kilometer du har køyrt.

Du må og opplyse kva kontonummer kravet eventuelt skal utbetalast til og om det skal utbetalst som lønsinntekt eller næringsinntekt (om verja har organisasjonsnummer).

Kva arbeid og oppgåver gir ikkje rett til godtgjering?

Det er berre verjeoppgåver som gir rett til godtgjering. Dersom verja sitt mandat er avgrensa til å gjelde økonomiske interesser, kan han eller ho ikkje krevje godtgjering for oppgåver som ligg innanfor personlege interesser.

Praktiske oppgåver som å følgje til lege, handle, vaske og liknande er ikkje noko du kan krevje godtgjering for.

Du kan heller ikkje krevje godtgjering for å delta på sosiale aktivitetar eller besøk.

Dette gjeld også ved søknad om dekning av faktiske utgifter. 

Korleis klage på vedtaket?

Dersom søkjar eller verjehavar er usamd i vedtaket, kan dei sende skriftleg klage til oss. Klagen må sendast inn innan fristen, som er tre veker frå du har fått vedtaket.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.