Kjøp av eigedom

Kjøp av eigedom på vegner av verjehavar krev samtykke frå Statsforvaltaren. Om det er aktuelt å kjøpe eigedom på vegner av den du er verje for, må du derfor sende ein søknad om dette til oss.

Korleis søkje?

Kva må søknaden innehalde?

Kva skjer etter at vi har godkjent?

Saksbehandlingstid

Klagerett

Korleis søkje?

Statsforvaltaren føretrekker digital innsending og oppfordrar alle verjer til å sende inn søknad via Altinn. Ein finn skjema på vergemal.no/skjema. Dersom du likevel ønsker å sende inn søknad per post, kan du nytte papirskjema på same side.

Kva må søknaden innehalde?

Du må legge ved dokumentasjon som stadfester kva for ein eigedom som skal kjøpast. Slik dokumentasjon kan vere prospekt, takst eller kjøpekontrakt. Vidare må det grunngjevast kvifor verjehavar har behov for eigedomen. Du må dokumentere korleis kjøpet skal finansierast, og kvifor kjøpet er økonomisk forsvarleg.

Statsforvaltaren kan i nokre tilfelle godkjenne kjøp av eigedom for inntil eit gitt beløp. I desse sakene må verja dokumentere kor mykje verjehavar kan og vil bruke på kjøpet, og korleis det skal finansierast.

For ein vaksen med verje, må søknader om kjøp av eigedom vere signert både av verja og av verjehavar dersom han eller ho er i stand til å gi eit gyldig samtykke.

For mindreårige, må søknaden vere signert av foreldreverjene og av den mindreårige dersom han eller ho er over 12 år.

Ved digital innsending må skriftleg samtykke frå den eller dei andre som skal signere søknaden leggjast ved.   

Kva skjer etter at vi har godkjent?

Statsforvaltaren skal teikne samtykke på originaldokumenta som skal tinglysast. Desse må vere utfylte og signerte av alle partar før dei sendast til oss.

Saksbehandlingstid

Saksbehandlingstida kan variere noko, men kan i periodar vere på inntil tre månader. 

Klagerett

Dersom søkjar eller verjehavar er usamd i vedtaket, kan ein sende skriftleg klage til oss. Klagen må sendast innan tre veker frå ein har fått vedtaket.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.