Gjeldsstifting og pantsetting

Gjeldsstifting og pantsetting på vegner av verjehavar krev samtykke frå Statsforvaltaren. Om det er aktuelt å stifte gjeld og- eller pantsetje eigedom på vegner av den du er verje for, må du derfor sende ein søknad om dette til oss.

Korleis søkje?

Kva må søknaden innehalde?

Kva skjer når Statsforvaltaren har godkjent?

Saksbehandlingstid

Klagerett

Korleis søkje?

Statsforvaltaren føretrekker digital innsending og oppfordrar alle verjer til å sende inn søknad via Altinn. Ein finn skjema på vergemal.no/skjema. Dersom du likevel ønsker å sende inn søknad per post, kan du nytte papirskjema frå same side. 

For ein vaksen med verje må søknader om gjeldsstifting og pantsetting vere signert både av verja og av verjehavar dersom han eller ho er i stand til å gi eit gyldig samtykke.

For mindreårige, må søknaden vere signert av foreldreverjene og av den mindreårige dersom han eller ho er over 12 år.

Ved digital innsending må skriftleg samtykke frå den eller dei andre som skal signere søknaden leggjast ved.

Kva må søknaden innehalde?

Søknaden må innehalde kopi av lånetilsegn frå bank eller anna kredittinstitusjon. Det må gå fram om lånet skal sikrast med eksisterande pant eller om det må tinglysast ny pant.

Du må altså søke om, og få innvilga lån på vegner av verjehavar, før Statsforvaltaren kan handsame ei søknad frå deg om vårt samtykke til disposisjonen.

Dersom långjevar ønskjer det, kan dei setje som ei føresetnad for lånetilsegnet at Statsforvaltaren godkjenner dette. Dette for å unngå at långjevar ikkje vil gje lånetilsegn før Statsforvaltaren har gjort vedtak i saken.

Kva skjer når Statsforvaltaren har godkjent?

Statsforvaltaren skal teikne samtykke på originaldokumenta som skal tinglysast, og på gjeldsbrevet. Desse må vere utfylte og signerte av alle partar før dei sendast til oss.

Saksbehandlingstid

Saksbehandlingstida kan variere noko, men kan i periodar vere på inntil tre månader. 

Klagerett

Dersom søkjar eller verjehavar er usamd i vedtaket, kan ein sende skriftleg klage til oss. Klagen må sendast innan tre veker frå ein har fått vedtaket.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.