Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Tilskot til kompetansehevande tiltak for lindrande behandling og omsorg ved livets slutt

Søknadsfrist:
1. mars 2019 23:59
Målgruppe:
Pasientar som treng lindrande behandling og omsorg ved livets slutt og deira pårørande
Ansvarleg:
Fylkesmannen
Kven kan søke:
Kommunar
Rapporteringsfrist:
1. april 2019 23:59

Tilskotet skal styrke kvaliteten i tilbodet til pasientar som treng lindrande behandling og omsorg, bidra til samarbeid mellom kommunar og frivillige organisasjonar om kompetansehevande tiltak og bidra til at pårørande blir ivaretekne.

Publisert 14.01.2019

Kommunar som søker i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane, skal sende søknadsskjema til Fylkesmannen i Vestland som vedlegg til e-post på fmvlpost@fylkesmannen.no. Det same gjeld rapportering på eige skjema i etterkant. Skjema finn du under fana "Dokument".

Sjå under "Kontaktpersonar" for å kome i kontakt med Fylkesmannen. Du kan også kontakte Regionalt kompetansesenter i lindrande behandling (KLB) eller Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester i fylket for råd og rettleiing.  

Tilskotet blir forvalta i eit samarbeid mellom dei regionale kompetansesentra for lindrande behandling og Fylkesmannen. Søknader blir handsama innan 24. mai 2019.

Klikk her for meir informasjon om ordninga: Kompetansehevende tiltak for lindrende behandling og omsorg ved livets slutt.

Desse kommunane fekk tilskot etter ordninga i 2018. Rapporteringsfrist for desse kommunane er 1. april 2019.

Søknadsfrist:
1. mars 2019 23:59
Målgruppe:
Pasientar som treng lindrande behandling og omsorg ved livets slutt og deira pårørande
Ansvarleg:
Fylkesmannen
Kven kan søke:
Kommunar
Rapporteringsfrist:
1. april 2019 23:59