Tilskot til symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar 2026
- Søknadsfrist:
- 21. august 2026 23:59
- Målgruppe:
- Nykomne minoritetsspråklege elevar
- Ansvarleg etat:
- Statsforvaltaren i Vestland v/Sofie Førlie
- Kven kan søke:
- Kommunar i Vestland
- Rapporteringsfrist:
- 1. desember 2026 23:59
Kommunar i Vestland kan søkje om tilskot til symjeopplæring. Søknadsfrist er 21. august 2026.
Føremålet med tilskotet
Mange nykomne minoritetsspråklege elevar har ikkje gjennomført symjeopplæring. Denne gruppa er òg overrepresentert i ulykker på grunn av manglande symjeferdigheiter. I læreplan kroppsøving er det eit kompetansemål om at elevane skal vere symjedyktige etter 4. årssteg.
Målet med tilskotet er å redusere risikoen for ulykker ved bading, og å setje elevane i betre stand til å nå kompetansemåla i læreplanen.
Målgruppe
Hovudmålgruppa for tilskotet er nykomne minoritetsspråklege barn, unge og vaksne i grunnskuleopplæringa. Dersom kommunen ser at det er andre elevar som ikkje kan symje eller ikkje har deltatt i symjeundervisninga, kan desse ta del i symjeopplæringa. Dei inngår ikkje i tildeling av midlar per elev.
Tildelingskriteria
Tilskotet skal i sin heilskap nyttast til aktivitetar relatert til symjeopplæring. Kommunane vel sjølv korleis dei vil organisere opplæringa. Fleire kommunar kan òg samarbeide om å etablere eit opplæringstilbod.
- Symjeopplæringa kan bli gjeve i løpet av skuletida eller etter skuletid.
- Det kan berre søkjast om tilskot for eitt kalenderår om gongen.
- På grunn av høg etterspurnad er satsen sett til inntil kr 1750 for kvar elev. Kommunane må dekkje andre kostnader sjølv.
Vi betalar ut tilskotsmidlar til aktuelle søkjarar så langt behaldninga rekkjer.
Rapportering
Kommunane skal rapportere følgjande til statsforvaltaren innan 1. desember 2026:
- Tal minoritetsspråklege barn, unge og vaksne som har deltatt på symjeopplæringa
- Kven som har mottatt midlar til symjeopplæring? Namn på kommunar, skular og frivillige organisasjonar
De finn rapporteringsskjemaet i høgremenyen.
- Søknadsfrist:
- 21. august 2026 23:59
- Målgruppe:
- Nykomne minoritetsspråklege elevar
- Ansvarleg etat:
- Statsforvaltaren i Vestland v/Sofie Førlie
- Kven kan søke:
- Kommunar i Vestland
- Rapporteringsfrist:
- 1. desember 2026 23:59