Tilskot til utviklingsprosjekt i barneverstenesta
- Søknadsfrist:
- 1. juni 2022 23:59
- Målgruppe:
- Kommunale barnevernstenester
- Ansvarleg:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Kven kan søke:
- Kommunar i Vestland
Kommunane kan søke om stimuleringsmidlar til utviklingsprosjekt på barnevernsområdet.
Søknadsfrist er 1. juni 2022.
Publisert 28.02.2022
Kvart år kan kommunane i læringsnettverket i Vestland gå saman om å søke stimuleringsmidlar til å sette i verk utviklingsprosjekt med mål om teneste- og tiltaksutvikling for å gi enda betre barnevernstenester til dei barna og familiane som treng det. Statsforvaltaren behandlar søknadane.
I år kan kommunane i Vestland søke om utviklingsprosjekt med to ulike innrettingar:
- 1 350 000 kroner i frie midlar
- 2 900 000 kroner på fosterheimsområdet
Det er tre viktige krav for å søke om stimuleringsmidlar i regi av læringsnettverket:
- utviklingsprosjektet må ha mål om å styrke tenestene til utsette barn og unge i kommunane
- utviklingsprosjektet må vere eit samarbeid mellom fleire kommunar
- utviklingsprosjektet må ha etablert eit samarbeid med minst eit kompetansemiljø
Her kan du lese meir om retningslinjene for stimuleringsmidlar til kommunale læringsnettverk.
Her finn du mal for prosjektplan og elektronisk søknadsskjema.
- Søknadsfrist:
- 1. juni 2022 23:59
- Målgruppe:
- Kommunale barnevernstenester
- Ansvarleg:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Kven kan søke:
- Kommunar i Vestland