Analyse av matvareberedskapen i Vestland

Ugrashavre i potetåker

Tilgang på nok mat og vatn er ein viktig føresetnad for eit fungerande og motstandsdyktig samfunn. Som ledd i arbeidet med å sjå på fylket si evne til å stå i mot uønskte hendingar, har vi gjennomført ein scenarioanalyse av matvareberedskapen i Vestland.

Publisert 09.01.2026

I den nasjonale tryggleiksstrategien er nok mat og vatn trekt fram som viktige føresetnadar for eit fungerande og motstandsdyktig samfunn i krise og krig. Beredskapen i norsk mattryggleik bygger i dag på tre sentrale planføresetnadar: kontinuerleg nasjonal produksjon, ivaretaking av produksjonsgrunnlaget og eit fungerande handelssystem.

Globale forsyningsliner er meir utsette enn tidlegare

Erfaringar frå koronapandemien og den russiske invasjonen i Ukraina, viser at globale forsyningsliner er meir utsette enn tidlegare. Den sjette hovudrapporten frå FN sitt klimapanel (2021-2023) viser at klimaendringane bidreg til meir ustabilt vêr. Raske endringar i vêrmønsteret har ført til tapte avlingar, auka prisar på mat, og avgrensa utval og kvalitet på produkt. Vi må vere budde på kriser der det globale handelssystemet i kortare eller lengre periodar ikkje fungerer optimalt. Det er difor viktig å sikre den nasjonale produksjonen og varetaking av produksjonsgrunnlaget.

Vi treng ein heilskapleg og framtidsretta matberedskap

Ei av tilrådingane frå Totalberedskapskommisjonen var å avklare evna og potensialet vi har til å omstille produksjonen innan landbruk, fiskeri og havbruk, slik at vi kan utforme ein heilskapleg og framtidsretta matberedskap. I Totalberedskapsmeldinga er styrking av forsynings- og mattryggleik to område som regjeringa vil prioritere høgt. Dei skriv mellom anna at auka sjølvforsyning, beredskapslagring av korn og eit sterkt jordvern gir auka beredskap og tryggleik.

I lys av vurderinane frå Totalberedskapskommisjonen, har vi gjort denne analysen som eit samarbeidsprosjekt mellom landbruksavdelinga og beredskapsseksjonen i embetet. Føremålet med analysen var å få eit bilde av utfordringar i regional produksjon, foredling og distribusjon av mat. Analysen ser på korleis verdikjeda for mat i Vestland blir utfordra ved tre ulike uønskte hendingar, høvesvis brot i straumforsyning, digitale angrep og klimarelaterte hendingar. Analysen omtalar ikkje korleis ein tilspissa tryggleikspolitisk krise og krig vil kunne påverke matvareberedskapen. Mange av konsekvensane som er omtalte kan likevel bli forsterka ved hendingar i øvre del av krisespekteret.

Hovudkonklusjonane av analysen

Analysen viser at matvareberedskapen i Vestland er relativt robust. Variasjonen i matproduksjon både på land og i sjømatnæringa er ein styrke. Samstundes er det slik at viss dei uønskte hendingane som er vurderte i analysen faktisk skjer, vil det kunne føre til reduksjon i tilgangen på råvarer, behov for eit endra kosthald og lokale forsyningsutfordringar.

På same måte som annan forsyningsberedskap, er matvareberedskapen avhengig av vegtransport. Vestland har ein krevjande geografi og topografi. I kombinasjon med eit sårbart vegnett, vil det kunne skape forsyningsutfordringar. Det gjeld både ved transport av varer internt i fylket, og med omsyn til tilførselen av varer frå andre deler av landet.

I den nasjonale tryggleiksstrategien er styrking av motstandskrafta i det sivile samfunnet eit høgt prioritert satsingsområde. Regjeringa skriv at auka motstandskraft stiller større krav til eigenberedskap. God eigenberedskap gjer det mogleg for styresmaktene å prioritere dei som treng hjelpa mest. For husstandane handlar det mellom anna om å ha eit lager av matvarer som kan dekke behovet i éi veke. For ein matprodusent handlar eigenberedskap om å ha ein plan for å kunne oppretthalde drifta til dømes når forsyninga av kraft og digitale tenester ikkje fungerer.

Mange sauer står oppe på ein bergknaus på fjellet.
Sauesanking, Eidfjord Skykkjedalen 2009. Foto: Øyvind Vatshelle / Statsforvaltaren i Vestland.

Arbeid med matvareberedskap hjå Statsforvaltaren

Statsforvaltaren har eit ansvar for å vere pådrivar for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap. Som ein del av det skal vi halde oversikt over risiko og sårbarheit i fylket. Denne analysen inngår som ein del av det kunnskapsgrunnlaget, og er med på å legge premissane for det vidare totalforsvars- og beredskapsarbeidet i fylket.

Eitt av oppdraga våre er å vere ein pådrivar for arbeidet med å styrke eigenberedskapen. Det følgjer vi opp mellom anna ved at vi jamleg set temaet på sakskartet, og ved å følgje opp arbeidet som kommunane gjer med å fremje eigenberedskap overfor sine innbyggjarar.

Landbruksavdelinga hjå Statsforvaltaren bidreg med landbruksfagleg kompetanse innanfor utvikling og rekruttering til både konvensjonelt, økologisk og urbant landbruk. Vi arbeider for å ivareta arealressursane i landbruket i tråd med nasjonale jordvernmål, og skal bidra til berekraft og klimatilpassing. Gjennom det bidreg vi til ein meir robust matproduksjon i Vestland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.