Skogbrannberedskapen i 2019

I byrjinga av månaden deltok vi på eit møte i regi av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), om skogbrannberedskap. Dei viktigaste temaa var erfaringar frå i fjor, skogbrannhelikopter og leiarstøtte. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.05.2019

Det har truleg ikkje vore fleire gras- og skogbrannar i landet i moderne tid enn i fjor. Ifølgje DSB vart det registrert 2011 brannar i skog og gras ved månadsskiftet november-desember. I år har det allereie vore fleire hundre brannar i skog og gras, og vi har vore gjennom ein periode med stor brannfare i Sør-Norge. Det kan difor vere nyttig å gå gjennom læringspunkta frå i fjor.

Det er eit kommunalt ansvar å handtere skogbrannar og andre utmarksbrannar. DSB minte om at det er viktig at brann- og redningsvesenet, politiet og kommuneleiinga etablerer kontakt så tidleg som mogleg i eit brannforløp. Det er òg viktig å be om støtte, til dømes frå nabobrannvesen og Sivilforsvaret, så tidleg som mogleg. Det same gjeld ved trong for leiarstøtte og helikopter.  

Leiarstøtte ved skogbrannar er ei nasjonal ordning som vart innført etter Frolandsbrannen i 2008. Ordninga inneber at erfarne brannbefal kan gi støtte til lokale brannsjefar ved store og kompliserte brannar, via Nødnett eller på staden. Varslingspunkt for leiarstøtte er Alarmsentral brann Sør-Vest. Slike brannar krev gjerne òg støtte frå statlege skogbrannhelikopter. DSB har frå 2019 inngått ein toårig avtale med Helitrans AS om bruk av helikopter. Brannsjefen eller politimeisteren kan be om støtte gjennom sin 110-sentral, sjå prosedyre om rekvirering.  

I fjor oppstod det ein del diskusjon om lovheimel for å leggje ned totalforbod mot å gjere opp eld. DSB minte om at aktsemdsplikta gjeld. Ein kan verte strafferettsleg ansvarleg viss ein forårsakar ein brann under tilhøve som tilseier at ein ikkje bør gjere opp eld. I tillegg er det forbode å tenne bål i perioden 15. april til 15. september, sjå artikkel om bålbrenning og grilling (tilgjengeleg på fleire språk). Som ein del av det førebyggande arbeidet er det viktig at brann- og redningsvesena gir råd til befolkninga. På skogbrannindeksen kan du sjå om det er fare for skogbrann der du bur.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar