Rettleiingsmøte for samanslåingskommunane

Fylkesmannen skal rettleie kommunane i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap. I 2019 har vi særleg prioritert å gi fagleg støtte til kommunane som skal slå seg saman frå nyttår.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.08.2019

Vi ønskjer å bidra til at dei samanslåtte kommunane vert trygge og gode kommunar å bu i, og har lagt vekt på at dei er i stand til å kunne handtere ei krise frå dag éin. Vi har difor hatt møte med kommunane, for å høyre korleis dei tenkjer å jobbe med temaet samfunnstryggleik og beredskap i samanslåingsprosessen og etter at den nye kommunen er etablert.

Det første møtet var med leiinga og fagpersonar i Alver kommune i Hordaland. Vi nytta òg høvet til å møte representantar frå oljeraffineriet og basen på Mongstad, saman med folk frå kommunen. Seinare har vi møtt Ullensvang kommune og Voss herad. Bjørnafjorden kommune og nye Øygarden kommune står for tur tidleg på hausten. I Sogn og Fjordane har det vore gjennomført møte med Sunnfjord kommune og Stad kommune. Til hausten håpar vi å få møte nye Sogndal kommune og Kinn kommune.

I tillegg til desse møta har alle samanslåingskommunane takka ja til ein invitasjon frå oss til å delta på ei øving for dei nye kriseleiingane.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar